Interne middel


Her finn du ei oversikt over interne middel du kan søkja støtte til.

  • Tilskot til faglege reiser

Alle tilsette i faglege stillingar ved det samfunnsvitskaplege fakultet kan søkja om tilskot til faglege reiser. Her finn du retningslinjer og søknadsskjema

  • Språkvask

UiS har rammeavtale med SDL Norway (se avtalekatalog) for språkvask (translatørtjenester). Middel til språkvask er satt av for å fremja internasjonal publisering, som oftast gjennom artiklar i internasjonale tidsskift. Søknad skal sendast til Sigurd Torgersen, med kopi til fakultetsdirektør Lone Litlehamar. Søknad skal innehalda namn på artikkel, kor den skal publiserast, og beløp.

  • Støtte til UiS-tilsette i doktorgradsløp

Tilsette ved UiS som er opptatt på doktorgradsprogram (gjeld ikkje stipendatar), kan få støtte på inntil kr 15.000 pr år i inntil 5 år. Midla vert gitt for eitt år av gangen og vert vurdert på bakgrunn av framdrift. Driftsmidla skal gå til å dekkje reiseutgifter, kursavgifter, språkvask, mindre utstyrskjøp osb.

Dei det gjeld vil automatisk få tildelt middel. Administrasjonen vurderer kven som er formelt kvalifiserte til å motta støtte, og godkjenner kandidatar i samråd med instituttleiar og leiing ved fakultetet.

  • Kvalifiseringsstipend til kvinner

UiS deler ut stipend til kvinner i førsteamanuensisstillingar som ønskjer å kvalifisera seg til professor. Les meir.

  • Kvinneinitierte FoU-prosjekt

Det vart lyst ut middel til kvinneinitierte FoU-prosjekt ved UiS siste gong i 2011. Det er uvisst om det vert ny utlysning av slike midlar i nær framtid.

I utlysinga for 2011 vart det vist til at:

o Bruk av midla skal bidra til å få fram dyktige, kvinnelege prosjektleiarar ved UiS. Kvinner i mannsdominerte fagmiljø bør prioriterast.
o Det er forventa at aktiviteten i kvinneinitierte forskningsprosjekt bidrar til økt publisering og ekstern finansiering. 
o Tildelte middel kan nyttast til lønn, drift og reiser.
o Det skal rapporterast på bruken av tildelte middel ved kvart tertial.
o Søknadar skal sendast via instituttleiar til prodekan for forskning ved det enkelte fakultet. Prodekan innstiller til leiarmøte. Det vert oppfordra til å utarbeida søknadar som går på tvers av fakultetsgrensene.

Kritera for tildeling går fram av opplysingane ovanfor. Innan rammene av denne teksten vert det ved SV lagt mest vekt på følgjande:

o Formalia (prosjektplan) og budsjett føreligg med ein slik detaljeringsgrad at det er mogleg å få oversikt over aktivitetane i prosjektet
o At dei søkte prosjekta fremjer kvinners formalkompetanse (fagleg meritt), noko som primært skjer gjennom publisering
o Dette inneberer og at prosjekta må ha ein forskingsmessig karakter, dvs. teorigrunnlag, forskingsspørsmål, design osb.
o Pga. mange søkarar vil det kun bli innvilga støtte til eit prosjekt pr. søkjar
o Pga. storleiken på tildelinga ser vi det ikkje som mogleg å tildela middel til vikarløn
o Store ambisiøse prosjekt som ikkje har anna støtte og kor det er veldig langt fram til at dei kan føra til meritt, vert nedprioritert
o At midla primært vert nytta mot tilsette ved UiS
o Det vert lagt vekt på å støtta dei tilsynelatande beste prosjekta framfor å fordela midla jamnt ut over alle søkjarane

Her finn du søknadsskjema. Søknadar skulle sendast elektronisk via instituttleiar til Einar Marnburg, med kopi til Joan Rongen.  


Sist oppdatert av Knut Sommerseth Lie (03.01.2017)

Skriv ut artikkel print symbol
Publiseringsstøtte til vitenskapelige nasjonale tidsskrift

NFR lyser tidvis ut midler til produksjonsutgifter i forbindelse med utgivelse av nasjonale vitenskapelige tidsskrift innenfor de humanistiske og samfunnsvitenskapelige fagene (PUBL).