Innovasjonspris til Vadla Madland og Hiorth


Merete Vadla Madland og Aksel Hiorth har blitt tildelt innovasjonsprisen frå SpareBank 1 SR-Bank.

Innovasjonsprisen er ein ærespris for forskingsbasert nyskaping og kommersialisering som delast ut av SpareBank 1 SR-Bank. I tillegg til heider får vinnarane eit stipend på 50 000 kroner. Nyleg blei Merete Vadla Madland, førsteamanuensis ved UiS og Aksel Hiorth, seniorforskar ved IRIS tildelt prisen.


Auka oljeutvinning
Vadla Madland og Hiorth forskar på auka oljeutvinning frå reservoar med mykje kalkhaldig grunnfjell.

– Det er vel så viktig å få ut den resterande olja frå eksisterande felt som å byggje nye. Å byggje nye felt vil innebere meir kostnader enn å betre utnytte felta vi allereie har, seier Vadla Madland.

Å få tak i den siste olja som ligg igjen i felt byr på utfordringar.

– Å få ut den siste olja som er klistra eller fukta til steinen er ein kompleks prosess. Det er mykje vanskeligare enn å få ut olja som fyrst hentast opp, det vil gjerne seie olja som ligg i holromma i reservoarbergarten når ein startar produksjonen, seier ho.


Den siste olja

– Problemet er at mellom 40 og 70 prosent av olja blir liggjande igjen etter at oljeproduksjonen har stansa. Dersom vi får ut berre ein til to prosent meir frå felta, vil det bety enorme ekstra inntekter, seier Hiorth.

Forskinga til Vadla Madland og Hiorth dreier seg om korleis oljeutvinning frå krittereservoar kan aukast ved vatninjeksjon. Døme på krittreservoar er Ekofisk og Valhall. I juryens grunngiving heiter det: ”Prosjektene vekker stor interesse i andre forskermiljø og ledende oljeselskap verden over”.

– Vi synast Vadla Madland og Hiorth er eit fantastisk team. Dei utfyller kvarandre og forskinga dei gjer saman er så mykje meir enn det dei gjer kvar for seg. Vadla Madland jobbar mest på laboratorium og Hiorth mest med modellering. Nokon gonger blir ein pluss ein mykje meir enn to. Dei skapar dessutan ringar i vatnet og drar med seg andre forskarar på det dei held på med. Det er ein god eigenskap for forskarar, seier Aina Berg, som fungerte som juryformann under utdelinga og er direktør i IRIS Energi.
 


Sist oppdatert av (29.04.2011)

Skriv ut artikkel print symbol
Rasmus Kvassheim, regiondirektør i SpareBank 1 SR-Bank, gir Merete Vadla Madland og Aksel Hiorth prisen. Foto: E. Svela
Rasmus Kvassheim, regiondirektør i SpareBank 1 SR-Bank, gir Merete Vadla Madland og Aksel Hiorth prisen. Foto: E. Svela
Mobilitetsstipend

Stipendbasen

EU/NFR R&D unit

The EU/NFR R&D unit is a joint initiative between the University in Stavanger (UiS), International Research Institute of Stavanger (IRIS), Stavanger Hospital University (SUS) and Stord/Haugesund University College (HSH). The unit will provide services in order to help the owners to realise an increased success towards FP7 and NFR (Research Council Norway).  Read more

Director EU/NFR R&D unit
Troels Jacobsen
Phone: +47 51 83 30 63
Cell phone: +47 907 83 101
Mail: troels.jacobsen@uis.no

Adviser - EU
Kyrre Aas
Phone : +47 51 83 30 36
Cell phone : +47 954 18 650
Mail : kyrre.aas@uis.no

Adviser - NFR
Vibeke Bull
Phone : +47 51 83 30 71
Cell phone : +47 926 37 902
Mail: vibeke.bull@uis.no