Terje Leenhart Andersen disputerer


16. desember disputerer Terje Leenhart Andersen med avhandlinga ”Wind load on inclined circular cylinder in drag crisis”. Forskinga hans kan bidra til at skråkabelbruer blir meir stødige.

Terje Leenhart Andersen har forska på vindbelastning på skråstilte, sirkulære sylindrar, spesielt kablar på skråkabelbruer. Eit døme på ei slik bru er Bybrua i Stavanger. Eit anna er Øresundsbrua mellom Danmark og Sverige.


Vibrasjonar i kablar
Avhandlinga bidreg til å auke forståinga for vibrasjonar i skråkabelbruer.

– På sikt kan meir kunnskap om kva som skapar vibrasjonane bidra til at ein unngår dei, seier Andersen.

Studiet inkluderer laboratorieforsøk med store vindhastigheiter, i såkalla ”drag crisis”-området. ”Drag crisis” er eit fenomen som går ut på at vindkoeffisienten plutseleg fell når Reynolds tall aukar. Reynolds tall er eit parameter som i dette tilfelle beskriv vindstraumar.


Forsøk i vindtunell
Forsøka blei gjennomførte i ein vindtunnel ved National Research Council Canada, i samarbeid med forskingsinstitusjonen. Vegleiar for avhandlinga har vore Jasna Bogunovic, professor ved UiS. Andersen er tilknytte Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi. Frå før av er han utdanna sivilingeniør innan bygge- og anleggskonstruksjon ved Aalborg universitet i Danmark. Andersen kjem frå Støvring, Danmark. I dag arbeider han som sivilingeniør innan konstruksjonsanalyse i Aker Offshore Partner AS.


Disputas
Disputasen finn stad torsdag 16. desember kl. 12.15 i auditorium E-164 i Kjølv Egelands hus på UiS. Prøveforelesinga startar kl. 10.00. Emne for prøveforelesinga er “An overview of vibration occurrences for cable stays of bridges and masts including motion of the cables’ end-point(s)”. Alle interesserte er velkomne til både disputasen og prøveforelesinga.
 


Sist oppdatert av (14.12.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Terje Leenhart Andersen
Avhandlinga til Terje Leenhart Andersen gir meir kunnskap om vibrasjonar i skråkabelbruer.
Mobilitetsstipend

Stipendbasen

EU/NFR R&D unit

The EU/NFR R&D unit is a joint initiative between the University in Stavanger (UiS), International Research Institute of Stavanger (IRIS), Stavanger Hospital University (SUS) and Stord/Haugesund University College (HSH). The unit will provide services in order to help the owners to realise an increased success towards FP7 and NFR (Research Council Norway).  Read more

Director EU/NFR R&D unit
Troels Jacobsen
Phone: +47 51 83 30 63
Cell phone: +47 907 83 101
Mail: troels.jacobsen@uis.no

Adviser - EU
Kyrre Aas
Phone : +47 51 83 30 36
Cell phone : +47 954 18 650
Mail : kyrre.aas@uis.no

Adviser - NFR
Vibeke Bull
Phone : +47 51 83 30 71
Cell phone : +47 926 37 902
Mail: vibeke.bull@uis.no