Standardar


Universitetsbiblioteket har mange trykte standardar. Spør oss dersom du treng hjelp til å finne fram. I tillegg abonnerer vi på digital tilgang til ei rekke standardar frå Norsk Standard .
 


Student-tilbod på standardar

Studentar ved UiS får 70 % rabatt ved kjøp av standardar frå Norsk Standard.

Standard Norge, Norsk Elektroteknisk Komite og Standard Online AS tilbyr studentabonnement på lesetilgang til nettutgåver av NS, IEC, ISO og NEK standardar. Studentabonnement kostar kr 500,- inkl. mva. i året. Les meir her.

 

Andre standardar

Standardiseringen i Norge
Her finn du informasjon om standardisering på nasjonalt, europeisk og internasjonalt nivå. Du finn òg ein katalog over norske standardar og lenker til andre standardiseringsorganisasjonar.

Global IHS
Dette er ein katalog over standardar frå fleire internasjonale organisasjonar, mellom anna API, ASME og ASTM. 

NORSOK
Her finn du standardar som gjeld for dei verksemdene som tilhøyrer Petroleumstilsynet sitt virkefelt.


Sist oppdatert av Lisa Søyland (22.08.2019)

Skriv ut artikkel print symbol
Standardar i biblioteket


Biblioteket si samling av standardar omfattar eit bredt utval norske og internasjonale standardar. Trykte standardar står samla i biblioteket. Mange nyare standardar har vi tilgang til i digital utgåve.