4.6.1: Tilsynsarbeidet - oversikt


Dette kapitlet gir en oversikt over tilsynsarbeidet ved UiS

Utdanningsdirektøren har bede ei arbeidsgruppe (AGRR) laga eit forslag til retningsliner for tilsyn, og foreslå rolle- og ansvarsdeling i tilsynsarbeidet.

Nedenståande er henta frå arbeidsgruppa sin underveisrapport frå 25.5.2016 (sak UU 19/16).

Prosedyrar for tilsyn

I arbeidet med prosedyrar ønsker arbeidsgruppa å beskriva både utviklingsprosessar og formalprosessar. Prosedyrane skal beskriva arbeid med kontinuerleg og systematisk kvalitetsutvikling og samstundes beskriva revidering av akkreditering og mogleg av-akkreditering av studia.

Eigenrapport

Gruppa meiner at det viktigaste elementet i tilsynsprosedyren er at fagmiljøet utarbeidar ein eigenrapport for programmet som sendast tenesteveg frå instituttleiar via dekan til utdanningsutvalet.

Gruppa har førebels identifisert 8 moglege hovudområde for rapporteringa:

  • Studiets læringsutbyttebeskrivingar
  • Studiets undervisningsressursar
  • Studiets relevans
  • Studentanes arbeidsmengd
  • Forsking
  • Praksis i profesjonsstudiane
  • Evalueringsdata og tilbakemeldingar
  • Resultat på utvalde nøkkelindikatorar

Roller i tilsynet

Gruppa har diskutert roller i kvalitetsarbeidet og førebels er aktørar i arbeidet lista opp og nokre viktige aktørar beskrivne i korte skisser. Her trekker me førebels fram fire roller som særskilt viktige i kvalitetsarbeidet: fagmiljøa, programsensor eller annan ekstern representant, studentane og utdanningsutvalet.

Fagmiljøa må gjera det meste arbeidet i tilsyn og kvalitetsarbeid, og er dei som er nærast til å gje kvalifiserte vurderingar av kvaliteten i programma. Studentane må komma med i arbeidet på ein betre måte. Utdanningsutvalet som institusjonens akkrediterande organ må spela ei viktig rolle i arbeidet. Utdanningsutvalets oppgåver er avgrensa i forhold til mellom anna læringsmiljøutvalet som har som ein av sine oppgåver å føra tilsyn med studia sine omgjevnader. Læringsmiljøet sin status i tilsynsarbeidet, og med det læringsmiljøutvalet si rolle, må vurderast i den vidare prosessen.

Gruppa tenkjer seg at ein skal gå gjennom alle studieprogram som fører fram til ein grad etter ein bestemt syklus. Denne syklusen vil verta fastsett i samsvar med valde kriteria, mellom anna tidspunkt for etablering og omsyn til NOKUT-initiert tilsyn. Syklusen kan ein fråvika ved indikasjonar på kvalitetssvikt eller når det oppstår andre behov for hendingsbasert tilsyn eller når fagmiljøet sjølv ønskjer å setta i verk større endringar.


Sist oppdatert av Stig Selmer-Anderssen (09.06.2016)

Skriv ut artikkel print symbol