Samarbeid om fiskeriteknologi i nordområda


UiS-forskarar samarbeider med eit av dei beste universiteta i Sør-Korea for å finne ny kunnskap om fiskeriteknologi i nordområda. English below.

Prosjektet «Fishery and Aquaculture Technology in Cold Climate Region” er eit av åtte prosjekt som fekk støtte gjennom programmet High North i 2016. High North støttar samarbeid mellom norske utdanningsinstitusjonar og institusjonar i Canada, Kina, Japan, Russland, Sør-Korea og USA. Målet for programmet er å auke kunnskapen om nordområda.

Prosjektet blir koordinert av professor Muk Chen Ong (UiS), og det er etablert eit samarbeid mellom UiS, Chonnam National University (CNU) i Sør-Korea og SINTEF Ocean. Det langsiktige målet er å utvikle eit felles kurs på master innan «Fiskeri- og akvakulturteknologi i kaldt klimaområde».

I tillegg til prosjektleiar Muk Chen Ong reiste professor Tor Henning Hemmingsen (UiS), postdoktor Lin Li (UiS), dr. Karl Gunnar Aarsæther (SINTEF Ocean) og masterstudent Andreas Høiland (UiS) i mai til Sør-Korea. Der hadde dei blant anna ei rekkje gjesteførelesingar om fiskeri og akvakulturteknologi i kalde klimaområder.
– Vi fekk positive respons frå koreanske studentar som ønsker å lære meir og bli betre kjent med UiS og Noreg, seier Muk Chen Ong.

Koreansk fjernsyn var òg interessert i besøket frå Noreg, og dei laga eit nyhendeinnslag om oppdrettsaktiviteter i Noreg og mulege utdannings- og forskingssamarbeid i framtida. Reisefølgjet frå Noreg besøkte òg eit treningsskip eigd av CNU, samt skipssimulatorsenteret og havbassenget ved CNU. I november kjem representantar frå CNU og SINTEF Ocean til UiS, for å styrkje samarbeidet, og spesielt arbeidet med å etablere eit felles masteremne.


------------------------------------------------------------------------

High North Programme - “Fishery and Aquaculture Technology in Cold Climate Region” at Chonnam National University in Korea.

High North Programme - “Fishery and Aquaculture Technology in Cold Climate Region - This short-term SIU project is coordinated by Professor Muk Chen Ong (University of Stavanger, UiS). A collaboration between University of Stavanger, Chonnam National University (CNU) and SINTEF Ocean was established. The long-term aim of the project is to develop a joint master course on “Fishery and Aquaculture Technology in Cold Climate Region” between UiS and CNU.

The Norwegian project representatives Prof. Muk Chen Ong (Project leader, UiS), Prof. Tor Henning Hemmingsen (UiS), Dr. Lin Li (UiS), Dr. Karl Gunnar Aarsæther (SINTEF Ocean), Mr. Andreas Høiland (UiS) visited Chonnam National University in the Republic of Korea from 15 May to 19 May 2017. The Norwegian project team gave several guest lectures related to Fishery and Aquaculture Technology in Cold Climate Region during their stay at CNU.

Positive responses were received from the Korean MSc and PhD students who wanted to get acquainted with UiS and Norway. The project leader Prof. Ong was also interviewed by the Kwangju Broadcasting Corporation (KBC TV) - a Radio and TV station in Korea. The content of the interview is about the fish farming activities in Norway and future possible educational and research collaboration between UiS and CNU. The Norwegian project team also visited the training vessel (owned by CNU), as well as the ship simulator centre and the ocean basin laboratory at CNU.

According to the plan, the Korean delegates from CNU and SINTEF Ocean will visit UiS in November 2017 to strengthen the collaboration, especially establishing a joint master course on “Fishery and Aquaculture Technology in Cold Climate Region”.


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (17.08.2017)

Skriv ut artikkel print symbol
Forskere fra Noreg og Sør-Korea.
De norske prosjektdeltakere ble godt tatt imot. Professor og porsjektleiiar Muk Chen Ong, professor og isntituttleiar på IKM, Tor Henning Hemmingsen (UiS), postdoktor Lin Li (UiS), dr. Karl Gunnar Aarsæther (SINTEF Ocean) og masterstudent Andreas Høiland (UiS)
Muk Chen Ong
Professor Muk Chen Ong