Styremøte ved UiS 7. juni 2108


Det blir styremøte ved UiS torsdag 7. juni 2018. På dagsordenen står mellom anna økonomiske prognosar fram til 2021, budsjettforslag og organisasjon og leiing under tilsett rektor.

Den økonomiske totalprognosen for UiS syner framleis positiv utvikling i realinntekta i 2019, men universitetsdirektøren venter at veksten reelt vil gå ned og gå mot null fram mot 2021.

Direktøren venter at løyvingane frå Kunnskapsdepartementet vil flata ut frå og med 2020, men håpar på ein moderat vekst i inntektene frå eksterne kjelder dei neste tre åra.

Leing under tilsett rektor

Universitetet i Stavanger skal ha tilsett rektor frå 1. august 2019. Universitetsdirektøren foreslår ein modell der universitetet på nivået under rektor skal ha tre prorektorar og ein administrasjonsdirektør.

I forslaget er det ein prorektor for utdanning, ein prorektor for forsking og ein prorektor for samfunn og innovasjon.

Prorektorane vil også ha ansvar for dei administrative tenestene som høyrer til desse områda.

I forslaget får administrasjonsdirektøren ansvar for dei tekniske og administrative tenestene som ikke blir lagt til nokon av prorektorane, som HR, IT, bygg og areal og økonomi og verksemdstyring.

Søkartal og tilsetjingssaker

På styremøtet blir også mellom anna orientert om søkartal for 2018.

I tillegg står fleire tilsetjingsaker på sakskartet, mellom anna instituttleiar ved Institutt for grunnskoleleiarutdanning, idrett og spesialpedagogikk (IGIS) og instituttleiar ved Institutt for kultur og språkvitskap (IKS), begge ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora, og instituttleiar ved Institutt for sikkerhet, økonomi og planlegging (ISØP) ved Det teknisk-naturvitskapelege fakultet.

Strøyming frå september

Styremøtet startar klokka 10.00 og finn stad i styrerommet i Arne Rettedals hus.

Her finn du sakspapira til møtet.

Frå og med neste styremøte, 6. september, vil styremøta ved Universitetet i Stavanger bli strøyma over nettet.


Sist oppdatert av Elin Nyberg (31.08.2018)

Skriv ut artikkel print symbol
Styremedlemar ved UiS rundt styrebordet.
Styremedlemar ved UiS rundt styrebordet.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567