Lånereglar


Kven kan låne?
Universitetsbiblioteket i Stavanger er eit offentleg bibliotek. Lånerett blir gitt til personar over 16 år.

Registrering
Lånekort blir gitt mot framvising av legitimasjon. Kortet er personleg og kan ikkje brukast av andre. Lånar skal gjere seg kjend med lånereglane før kortet blir tatt i bruk.

Studentkort ved UiS gjeld som lånekort. Studentar melder adresseendring i Studentweb, andre tek kontakt med biblioteket.

Lånetid
Det er tre veker lånetid for bøker, studentoppgåver, filmar, tidsskrift og liknande. Lånetid for noter er seks veker. 

Det er mogleg å fornye lån dersom det ikkje er venteliste.

Ein kan sjølv fornye lån ved å logge seg på Oria. Maksimal lånetid på bøker er 6 månader.

Lån som ikkje blir fornya vil bli purra, og ein kan motta gebyr og erstatningskrav for desse. Du finn meir informasjon om gebyr og betaling her

Bestille lån og kopi
Bøker som ikkje er utlånt kan ein sjølv finne på hylla. Bøker som er utlånt kan reserverast. Bøker og artiklar vi ikkje har i vår samling kan vi bestille inn. Vi gjer dette for eigne og eksterne studentar, og tilsette ved UiS.

Ansvar
Lånar er personleg ansvarleg for alt som er registrert på lånekortet. Vidarelån til andre er ikkje tillate.

Studentar pliktar å lese e-postmeldingar frå biblioteket.

Tap av lånerett
Misleghald av lånereglane kan medføre tap av lånerett ved biblioteket.


Sist oppdatert av Lisa Søyland (13.08.2018)

Skriv ut artikkel print symbol
Bibliotekar veileder ansatt
Lån en bibliotekar


Skal du i gang med et forskningsprosjekt og trenger hjelp til å finne rett informasjon, eller få den informasjonen du har funnet på rett plass? Lån en bibliotekar!

Lån en bibliotekar


Skal du i gang med et forskningsprosjekt og trenger hjelp til å finne rett informasjon, eller få den informasjonen du har funnet på rett plass? Lån en bibliotekar!