FUNDING! Helse Vest forskingsmidlar


Helse Vest sine forskingsmidlar skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka i regionen. Fristen for å søkje midlane er 15. september 2018.

Forskingsmidlane skal vere eit insentiv og økonomisk bidrag til å få meir forsking av god kvalitet, og for å byggje forskingskompetanse gjennom tildeling av doktorgrads- og postdoktorstipend. Det regionale samarbeidsorganet mellom Helse Vest, Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet som vedtek fordelinga av forskingsmidlane, oppmodar til samarbeid i regionen om forskingsprosjekt det blir søkt midlar til.

Info om utlysingen finn du her

I forbindelse med utlysning av forskingsmidlane vil det vere et informasjonsmøte på SUS i aulaen 2. etg sydbygg, torsdag 23. august kl 1330-1500.

I forkant av informasjonsmøtet vil det vere muligheit for små korte møter på 15 min for å diskutere konkrete problemstillingar en har til sin søknad frå kl 1200-1330 med representantar frå Helse Vest.

For bestilling av disse korte møtene, ta kontakt med Fredrik Feyling

Spørsmål om utlysinga kan rettast til forskningsmidler@helse-vest.no eller Kristin Aaser Lunde i Forskings og innovasjonsavdelinga, UiS

 


Sist oppdatert av Hildegard Nortvedt (28.06.2018)

Skriv ut artikkel print symbol
Styrer og råd ved HV

Følg med på:

Styrer og råd ved HV

Følg med på: