Disputas om møtestadar i rusmiljø


Trond Erik Grønnestad forsvarar 24. mai doktorgrada si i helse og medisin ved Det helsevitskapelege fakultet. I avhandlinga løftar han fram verdet av samlingsstadar for personar som brukar legale og illegale rusmidlar.

I alle større byer finst stader der illegale rusmidlar vert brukt og vidareformidla, og der personane som oppheld seg er synlege for omgjevnadane. I sitt doktorgradsarbeidet har Trond Erik Grønnestad undersøkt kva som skjer på desse rus-scenene, kva dei betyr for brukarane og kvifor folk blir verande.

Akseptert og verdsett

Han finn at personar som brukar rusmidlar og som opplever å bli stigmatisert og ikkje ynskte i det «ordinære» samfunnet, flyktar til rus-scena.

Sjølv om rus-scena er ein stigmatisert og synleg stad, opplever den enkelte rusbrukar likevel å bli usynleg for omverda. Her føler dei at dei blir akseptert og at «gatekapitalen» deira blir verdsett. De opplever også samhald og får hjelp til å klare eit vanskeleg liv.

– Mange søker hjelp hos LAR, men opplever at deira behov for hjelp ikkje blir tilstrekkeleg møtt der. Difor søkjer dei tilbake til rus-scena, der dei trass alt har eit fellesskap og der dei kan oppleve seg som verdige menneske, seier Grønnestad.

Avhandlinga «Benken – et sted å være? En etnografisk studie i et åpent illegalt rusmiljø» gir innblikk i, og forståing for særskilde behov personar som brukar rusmidlar har. Den gir og eit godt bilete av kva verde rus-scena har i livet deira.

– Denne innsikta og kunnskapen er viktig for at hjelpeapparatet skal kunne forstå kva som skal til for å hjelpe, greie å komme i posisjon for å gi hjelp, i tillegg til å hjelpe på ein måte som ikkje vert opplevd som krenkjande, seier han.

Kunnskapen i studien kan og vere viktig når vedtak skal gjerast der ein skal handtere situasjonar knytt til rus-scener.

– Med ein endring i ruspolitikken, er det viktig at endringa bygger på kunnskap også frå dei med eigen erfaring. Målet med endring i ruspolitikken er å møta den enkelte med føremålstenelege og tilpassa tilbod; å gi hjelp, behandling og oppfølging i staden for straff og å overføra ansvaret for dei som brukar illegale rusmidlar frå justis- til helsetenesta, seier han.


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (30.05.2018)

Skriv ut artikkel print symbol
Trond Erik Grønnestad
Trond Erik Grønnestad