Jubilerer med bok og konsert


I 2008 er det 25 år sidan den første Shellprisen blei delt ut til cellisten Truls Mørk. Til saman har rundt 50 musikkstudentar fått prisen eller blitt tildelt stipend. No skal det feirast med jubileumsbok og jubileumskonsert.

A/S Norske Shell har i alle år bidrege økonomisk til prisen og prisvinnarkonserten. Institutt for musikk og dans (IMD) ved UiS har gjort den faglege vurderinga av vinnarkandidatane. Prisbeløpet har vakse jamt og er no på 150 000 kroner. I tillegg blir 100 000 kroner fordelt til reisestipend eller oppfølgingsstipend.

No er alle tidlegare prisvinnarar blitt intervjua om sine karriereval og kva prisen har hatt å seie for deira karriere. Jubileumsboka byr på portretter av mellom anna Truls Mørk, Thomas Krakowski, Bodil Arnesen, Benedicte Palko og Eir Inderhaug. Boka ”Shellprisen 25 år” er skriven av journalist Nina Tjomsland. Redaktør er førsteamanuensis Per Dahl ved IMD.

Rogalands musikkliv
- Jubileumsboka teiknar eit spennande kart over den positive utviklinga i Rogalands musikkliv frå 1980-åra og fram til i dag. Samstundes fortel prisvinnarane om individuelle utfordringar som synes minst like store i dag som for 25 år sidan, fortel Per Dahl.

- Andre stader i landet fanst det legat og stipend som unge talent kunne få til å finansiere si vidare utvikling. Noko slikt fanst ikkje i Rogaland før i 1983, då rektor ved Rogaland Musikkonservatorium Odd Leren tok kontakt med A/S Norske Shell og det heile starta, fortel han.

Konsert med tidligare vinnarar
Shellprisen er slik sett knytt til kandidatens virke i Rogaland, men for jubileumsåret 2008 blei det utlyst ein nasjonal konkurranse. Vinnarane av pris og stipend blir presentert på jubileumskonserten i Stavanger konserthus søndag 10. februar.

Her vil fleire tidlegare prisvinnarar framføre klassisk musikk saman med orkesteret ved Institutt for musikk og dans, dirigert av tidligare Shellprisvinnar Stefan Vaselka. Konserten inngår i markeringa av Stavanger2008.

Shellprisen 2007

Odd Leren får honnørpris


Sist oppdatert av Silje Stangeland (25.01.2008)

Skriv ut artikkel print symbol