Innovasjonspris til Malcolm Kelland


UiS-professor Malcolm Kelland er tildelt Sparebank 1 SR-Banks Innovasjonspris for 2012. Kelland får prisen for si mangeårige forsking på meir miljøvennlege kjemikalium for olje- og gassindustrien.

Innovasjonsprisen er ein ærespris som skal stimulere til forskingsbasert nyskaping og til kommersialisering av forskingsresultat hjå tilsette ved UiS og IRIS. Prisen blir delt ut av Sparebank 1 SR-Bank for femte år på rad. I tillegg til heider og ære får vinnaren eit stipend på 50 000 kroner og eit diplom.

– Viktig med kjemi
I år blei prisen delt ut under UiS Innovation Days 2013 i Kjell Arholms hus. Prisvinnaren fekk overrekt diplom og stipend av direktør Pål Martin Eidsaa i Sparebank 1 SR-Bank.

– Denne prisen betyr veldig mykje for meg, seier Malcolm Kelland, som er professor i kjemi ved Institutt for matematikk og naturvitskap ved UiS.

– Prisen er ei erkjenning av kor viktig kjemien er i oljeindustrien. Mange snakkar ofte om arbeidet til geologar eller reservoaringeniørar, men det er viktig å ikkje gløyme alle dei produksjonskjemikarane som held flyten i oljerøyra, seier Kelland.

I talen sin retta Kielland mellom anna ein stor takk til Statoil og Total for deira støtte og til studentane sine. Han takka også kona Evy for hennar tolmod alle dei kveldane han har brukt på å skrive bok. 

Laboratorietesting og patent
Kelland er ein etablert forskar innan kjemi og forskingsfeltet «kinetiske hydratinhibitorar» og har i fleire år leda forskingsmiljøet som jobbar med «Green Production Chemistry» ved UiS. Gjennom tett samarbeid med næringslivet har Kelland bygd opp landets beste laboratorium for testing av hydratinhibitorar.

Kommersialiseringsmoglegheitene i forskinga hans rettar seg særleg mot miljøvennlege kinetiske hydratinhibitorar, som skal brukast for å forhindre danninga av hydratpluggar eller ispluggar i subsea-røyrleidningar under olje- og gassproduksjon.

Røyrleidningar i Nordsjøen kan på grunn av ekstremt høgt trykk og låge temperaturar få store utfordringar med danning av is, noko som både er ei utfordring for sikkerheita og for leveringa. Kjemikalia som til no har vore brukt i industrien har vist seg å vere dyre å produsere, i tillegg til at dei har bydd på miljømessige utfordringar og vore vanskeleg tilgjengelege på marknaden.

Resultatet av forskinga til Kelland materialiserer seg no i kommersielle produkt gjennom firmaet «Eco Inhibitors» som blei etablert som eit spinn-off-selskap med hjelp frå Prekubator TTO.

Kjemiske tryllekunster
I juryen si grunngjeving står det at Kelland har bidratt til å fremje Stavanger og forskingsmiljøet på Ullandhaug både nasjonalt og internasjonalt. Han er også ein aktiv og populær forelesar og rettleiar. Prisvinnaren har forfatta ei bok innanfor fagfeltet og har levert solide faglege patenterte produkt. Dei patenterte produkta har stort kommersielt og miljømessig potensiale.

I si grunngjeving legg juryen også vekt på at prisvinnaren har vore med på å gjere forsking og naturvitskap interessant for barn og unge gjennom si aktive deltaking under barneuniversitetet, festivalen Forskingsdagane, karrieredagar og på skolebesøk i regionen.

Juryen håper at årets tildeling vil stimulere miljøa ved IRIS og UiS, men også andre aktørar i regionen, innanfor fagfeltet grøn kjemi.

I fjor blei Kelland også tildelt Lyse sin forskingspris for si forsking på miljøvennlege kjemikalium til oljeindustrien.

Les også: Lyses forskningspris til Malcolm Kelland


Sist oppdatert av Silje Stangeland (05.09.2013)

Skriv ut artikkel print symbol