Barneuniversitet om trening


Om lag 150 sjette- og sjuandeklassingar var måndag på «Barneuniversitetet i Stavanger» under Forskingsdagane. Spørsmålet Gro Næsheim-Bjørkvik stilte, var om trening er stress eller kult.

– Mange trur dei er langt meir aktive enn dei faktisk er, seier førstelektor ved Universitetet i Stavanger, Gro Næsheim-Bjørkvik. Ho er tilsett ved Institutt for allmennlærerutdanning og spesialpedagogikk.

I ein time gir ho fleire enn 150 elevar frå Jåtten, Eiganes og Madlavoll skole ein liten smakebit på korleis det er å vere ein ekte student. Side om side sit 12- og 13-åringar i auditorium 1 i Kjell Arholms hus og høyrer om korleis dei kan vere meir aktive. Forslaga elevane kjem med sjølv er mange, og omfattar alt frå sykling og rugby til bordtennis og symjing.

– Norske ungdommar er blant dei minst aktive i heile Europa. Det skulle ein kanskje ikkje tru om friluftsnasjonen Noreg, seier Næsheim-Bjørkvik.

– Det blir anbefalt at barn skal vere aktive minst ein time om dagen. Ser me på niåringar, klarer dei å oppfylle dette. Men når dei kjem opp i tenåra, skjer noko dramatisk. Berre halvparten av 15-åringane er i aktivitet 60 minuttar dagleg.

Gro Næsheim-Bjørkvik viser fram ein skritt-teljar, og lurer på kor mykje ein bør gå til dagen. Første forslag er 30 000 skritt.

– Ja, klarer du 30 000, er det kjempeflott, svarar ho - men legg til at det nok er meir enn dei fleste får til.

Etter fleire høge tal, endar dei opp med fasiten på om lag 10 000 skritt. Tre elevar får komme framfor alle i auditoriet for å bli med på eit eksperiment. Utstyrt med kvar sin teljar i bukselinninga spring dei salen rundt – til heiarop frå medstudentane. Dei endar opp med 30 til 60 skritt kvar.

– Å vere fysisk aktiv og ha det kjekt handlar om prøve nye ting. Øving gjer meister. Dess meir du lærer, jo kjekkare blir det, oppmuntrar Næsheim-Bjørkvik.

Og barn har sjølve lov til å bestemme over eiga idrettsdeltaking. Ifølgje FNs konvensjon om barnerettar er det heller ikkje lov til å toppe lag før barna er 13 år. Difor skal alle få lov til å delta, sjølv om dei ikkje er blant dei beste, fortel Gro Næsheim-Bjørkvik.

Skoleelevane var interesserte i å vite om sine eigne rettar. Då forelesinga var slutt, forsvann alle brosjyrane med barnerettane.

Les meir om Forskingsdagane her.


Sist oppdatert av (27.09.2010)

Skriv ut artikkel print symbol