David Häger disputerer om banktryggleik


Fredag 5. februar disputerer David Häger ved Universitetet i Stavanger. Hans avhandling lanserer ein alternativ modell for å vurdere operasjonell risiko i bankvesenet.

David Häger er stipendiat på Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging ved UiS. Avhandlinga hans har tittelen ”Stochastic Modelling for the Analysis of Operational Risk in Financial Institutions”.

Avhandlinga kan hjelpe bankar til å rekne ut kor mykje risikokapital dei treng å setje av for operasjonell risiko. Dette er aktuelt i høve til eit nytt regelverk for kapitaldekking frå 2007, betre kjent som Basel II.

Tapte 40 milliardar
Operasjonell risiko i bank og finansindustrien vert karakterisert av sjeldne hendingar med potensial for betydelege tap. Det såg vi eit døme på i fjor, då den franske banken Société Générale tapte 40 milliardar norske kroner. Det skjedde fordi banken sitt system gjorde det mogleg for ein einskild tilsett å gå ut over sine fullmakter.

Universitetet i Stavanger har eit av få fagmiljø i verda som forskar særskilt på operasjonell risiko i høve til bankar. David Häger har i sin doktorgrad kombinert kjente dataverktøy og risikofaglege modellar. Resultatet er ein modell som fangar opp og kvantitativt skildrar samanhengen mellom ulike tryggleikstiltak og kravet til risikokapital.

Betre forståing av risiko

Hovudmålet med avhandlinga er å gi industrien et verktøy som kan hjelpe til dømes ein bank å nå sine risikostyringsmål og unngå eller redusere tap. Det har òg vært et mål å gi et bidrag til ein felles forståing av operasjonell risiko.

– Så langt viser modellen vår lovande resultat når det gjeld å fange opp og skildre årsaksbileta som kan føre til ekstreme banktap.

Vi har simulert ulike situasjonar og modellen viser potensial til å levere den støtta til avgjerder som industrien har behov for når det gjeld styring av operasjonell risiko. Eg trur vi er på god veg til å levere løysingar som bankane kan nytte seg av i framtida, seier doktorkandidaten.

Disputas fredag
David Häger disputerer ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet fredag 5. februar

Prøveforelesinga startar klokka 10 og sjølve disputasen klokka 12.15. Både arrangement går føre seg i Kjølv Egelands hus, Auditorium E-164.
 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (03.02.2010)

Skriv ut artikkel print symbol