20 års mobbekamp


Senter for åtferdsforsking reddar liv gjennom forskinga si, sa forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland då ho talte på senteret sin jubileumskonferanse i går.

”Stopp, ikkje mobb, dette her é kameraten min”, song elever frå Madlamark skule så det ljoma i veggane på Atlantic Hotell i går. Dei hadde t-skjorter med Zero på brystet, eit av dei mange vellykka konsepta frå SAF. Ein heil konferansesal med 100 deltakarar frå inn- og utland vart rørde av elevane og bodskapen deira.

Statsråd Tora Aasland la ikkje skjul på at ho er imponert over arbeidet til Senter for åtferdsforsking (SAF) gjennom to tiår.

- Takk til dykk modige som starta SAF. Arbeidet dykk gjer med barn som bryt med det normale, er viktig. SAF har lukkast ved å søkje kunnskap og finne åtak som fungerer, sa statsråden.

- Barn treng SAF
Aasland understreka at problemstillingane frå 1989 diverre er like aktuelle i dag.

- Barn og unge treng SAF. Forskinga dykkar kan bidra til eit liv utan mobbing. Dykk kan redde liv, sa ho, og lova at departementet vil bruke SAF også i framtida.

SAF vart etablert i 1989 og er i dag eit statleg kompetansesenter for forskingsbaserte spesialpedagogikk. Sidan 1999 har senteret vore landsdekkjande. Det er organisert som ei eining under Det humanistiske fakultetet ved UiS.

20-årsjubileet vart markert med ei jubileumskonferanse i Stavanger. Programmet inneheldt plenumsforedrag og nettverksmøte for tre grupper.

Hjørnestein på universitetet
UiS feira i førre veke at universitetet er fem år. Då rektor Aslaug Mikkelsen opna konferansen, minna ho om at SAF var utslagsgivande for universitetsstatusen.

- Senteret er ein hjørnestein på universitetet, men ikkje minst er det dei sårbare si vaktbikkje. Det systematiske arbeidet til SAF har gitt resultat, mellom anna i programma Respekt og Zero, sa ho og streka under at professor Erling Roland tok ein personleg risiko då han etablerte SAF.

Mikkelsen opplyste også om at forskingsresultata frå SAF i dag finnest i ei rekkje studieprogram ved UiS.

- Eg vil rette ein stor gratulasjon til dei 29 tilsette ved senteret og ynskje lykke til vidare, sa Mikkelsen.
 


Sist oppdatert av Marit Oddvarsdotter Øvregård (16.05.2017)

Skriv ut artikkel print symbol