Kronprinsen besøkte UiS-stand


Universitetet i Stavanger og IRIS fekk vist seg fram på EVS-utstillinga i Stavanger Forum i dag. Kronprins Haakon gjesta Greater Stavanger si stand, kor UiS var representert.

Environmental Vehicle Symposium and Exhibition (EVS) er eit stort arrangement om morgondagens miljøkjøretøy. Samferdsleministeren, Morten Harket og andre kjendisar har vist interesse for tiltaket. I dag var kronprins Haakon på besøk.
– Kronprinsen var særs interessert i klimabarometeret til IRIS, som målar CO2-utsleppa i Stavanger. Han fikk også høyre om prosjektet om å reinsa vatn på Madagaskar, kor Universitetet i Stavanger er involvert, seier Egil C. Svela. Han jobbar på Strategi- og kommunikasjonsavdelinga og var ein av UiS sine representantar på Greater Stavanger-standen.

Langhelle med føredrag
Kronprinsen uttrykte også stor interesse for Stavanger-regionen si miljøsatsing generelt, og fekk mellom anna informasjon om Stavanger sine ambisiøse klimamål fram mot 2020.
Universitetet i Stavanger er representert på fleire frontar. På konferansen i ettermiddag held professor Oluf Langhelle ved Institutt for  medie-, kultur- og samfunnsfag eit føredrag om miljøvennlege bilar og deira aksept i samfunnet. Føredraget er basert på ein studie han har gjort med utgangspunkt i Stavanger-regionen.

 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (14.05.2009)

Skriv ut artikkel print symbol