Studentoppgåver blei sagabok


Nokre av studentoppgåvene i historie var så gode at dei blei bok. No er fem bachelor- og masterstudentar ved UiS stolte, nybakte forfattarar!

– Dette er ikkje noko me forventa i det heile. Eg berre skreiv og leverte ein vanleg oppgåve. Seinare spurde Torgrim Titlestad om lov til å trykke dei opp, men då gjekk eg ut frå at det var snakk om eit kompendium. Først for få veker sida forsto eg at det var snakk om ei bok, seier student Kristian Nesvåg.
Han og Thomas Ness Eriksen er bachelorstudentar i ”Vikingtid i Noreg og Europa og tidlig rikssamling” ved Universitetet i Stavanger. Dei tre andre forfattarane, Kristoffer Ranaweera, Lene Bøe og Beate Aasen Bøe, er masterstudentar i sagakunnskap.

Kvart sitt kapittel
”Sagaene og jakten på forhistorien” er tittelen på boka, som no er i sal. Studentane har skrive kvart sitt kapittel om viktige emne frå tidleg norsk historie. Lesaren får innblikk både i Harald Hårfagres rikssamling, jakta på Vinland, utvandringa til Island og historiske oppfatningar av Erling Skjalgsson og Olav Haraldsson.
– Viss du leser denne boka, er du ganske oppdatert på denne perioden. Eg er glad for at så unge menneske er så interesserte i denne perioden – og at dei skriv så godt om det, seier professor Torgrim Titlestad begeistra.

Unik bok?
Han har vore vegleiar for dei fem studentane og så vidt han kjenner til, er boka unik.
– Eg trur ikkje me har noko liknande om den eldste historia vår, seier Titlestad.
Tilsette og studentar som kjøper boka før årets slutt får ho for 149 kroner, ifølge utgjevaren Saga Bok. Dei må i så fall vende seg til Sigvald på kontor O-264 på Hulda Garborgs hus.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (19.12.2008)

Skriv ut artikkel print symbol