Styremøte 6. september 2018


Det blir styremøte ved UiS torsdag 6. september 2018. På dagsordenen står mellom anna status for samarbeid med SUS, klinisk medisinutdanning og bygg for helsevitskap.

UiS-styret er oppteke av satsing innanfor helse og dei synergiane lokaliseringa av nye Stavanger Universitetssjukehus (SUS) på universitetsområdet kan gi både innanfor utdanning, forsking, innovasjon og felles infrastruktur i framtida, mellom anna lokaliseringa av eit nybygg for helsevitskap nær nye SUS.

Universitetsdirektøren vil orientere styret om status her. 

Valreglar 

Universitetet i Stavanger skal frå 1. august 2019 ha ansatt rektor. I samband med det skal styret handsame ein revisjon av valreglane ved universitetet. 

Eigarskapsmeldingar

Styret vil også få ei orientering frå årsmeldingane og eigarskapsmeldingane til selskap der staten og Universitetet i Stavanger har eigarinteresser.

Kreeringar til doktor

11 nye kandidatar har forsvart sine avhandlingar ved UiS og blir kreert til philosophiae doctor på styremøtet.

Dei 11 er: Trond Erik Grønnestad, Anja Christoffersen Pawlica, Gunhild Bjaalid, Susan Peisan Chen, Utsav Raj Dotel, Karianne Skogland Enerstvedt, Laura Borromeo, Knut Anders Kjelaas Johansen, Svitlana Rasheva, Elen Johanna Instefjord og Marianne Sandvik Tveitnes

Sakspapira 

Styremøtet startar klokka 10.00 og finn stad i styrerommet i Arne Rettedals hus.

Her finn du sakspapira til møtet.

Tekst: Elin Nyberg

 


Sist oppdatert av Elin Nyberg (31.08.2018)

Skriv ut artikkel print symbol
Styret ved UiS rundt styrebordet.
Styret ved UiS rundt styrebordet.