Prestisjefull pris til UiS-forskar


Dr. Pei Cheng Chua er tildelt Yara sin prestisjefulle Birkelandpris for doktorgradsavhandlinga si ved Universitetet i Stavanger “Studies on New Classes of Low Dosage Hydrate Inhibitors” frå 2013. Utmerkinga blei tildelt under Birkelandforelesinga ved Det Norske Videnskapsakademi i Oslo 24. september.

«Pei Cheng si avhandling kombinerer forsking av høg kvalitet med fokus på teknologi og miljø» seier juryen.

Arbeidet hennar har ført til utviklinga av ein naturleg, miljøvenleg og effektiv kinetisk hydrat-inhibitor, som skal hindra tette røyrleidningar, og som no er under vidare utprøving.

I tillegg blir også miljøvenlege kjemikalier – såkalla Anti-Agglomerates, som skal hindra røyreidningar i å gå tette, prøvde ut med tanke på oljeutvinning og –transport til havs.

Professor Malcolm Kelland ved Universitetet i Stavanger har hatt tilsyn med Dr. Chua sitt banebrytande arbeid.

Innovasjon i særklasse

Retningslinjene for Birkelandprisen slår fast at arbeidet skal vera utført i tråd med Birkeland sin forskningsfilosofi. Forskninga som ligg til grunn for avhandlinga skal difor i størst mogeleg grad bidra til teknologiske gjennombrot og til innovasjon. Prisen og seremonien skal kasta lys på miljø og teknologi og bidra til å skapa interesse for interdisiplinær forsking og utvikling.

I tillegg til ei nyttig innleiing inneheld avhandlinga elleve vitskaplege oppgåver som har vore publiserte i prestisjefulle vitskaplege publikasjonar, sju av dei med Chua som første-forfattar. Ho har vidare samarbeidd med fem andre forskingslag i Japan, Storbritannia og USA.

Reduserer risikoen

Dei vitskaplege spørsmåla som er adresserte i avhandlinga kan brukast i olje- og gassindustrien for å redusera risikoen for hydratplugging. 

Pei Cheng Chua sitt arbeid har bidratt sterkt til arbeidet med å overvinna ein av dei største utfordringane innan produksjon og transport av gass og kondensat. Naturgass saman med produsert vatn og under høgt trykk og låg temperatur kan forma hydratpluggar, som i verste fall kan blokkera hydrokarbonstraumen fullstendig.

Redusert miljøpåverknad

Chua har sett saman, produsert og trykkprøvd nye hydratreduserande væsker, som har vist seg å gje betre resultat og redusert miljøpåkjenning i høve til dei produkta som i dag er å få tak i.

Fleire patentsøknader er registrerte og eit «spin-off»-selskap frå UiS «Eco Inhibitors» er også etablert på grunnlag av forskinga til Chua.

Pei Cheng Chua er i dag tilsett i Statoil og arbeider på gassanlegget på Kårstø. 

Tekst: Lars Gunnar Dahle
Foto: DNVA og UiS


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (28.09.2015)

Skriv ut artikkel print symbol
Dr. Pei Cheng Chua
Dr. Pei Cheng Chua med beviset for mottatt Birkelandpris