Ei intern evaluering har vist at sidan 2009 ikkje har klart å oppfylle alle krava som UiS har satt til sine forskingssenter. Evalueringa av dette og andre senter var oppe til behandling under gårsdagens møte i universitetsstyret.
Under diskusjonen vart det klart at korkje leiinga ved UiS eller styret ønskjer å leggje ned forskinga på berekraftig energi ved UiS. Tvert i mot var det stor semje om at målet er å få nytt og sterkare liv inn i denne satsinga.
Rektor la i si innleiing vekt på at forskarane i CenSE er svært dyktige. Dei har fått tilslag på fleire store prosjekt og skapt seg eit internasjonalt omdømme. På minussida har senteret ikkje klart å knytte til seg mange nok forskarar og andre fagmiljø innanfor berekraftig energi på UiS.
Universitetsdirektørens forslag for styret var at senteret ikkje skal fornyast i dagens form, men at ei arbeidsgruppe skal finne ut nye måtar å organisere og styrkje denne forskinga på.
Fleire styremedlemer meinte at det var feil å fjerne senterstatusen utan vidare. Studentrepresentant Eirik Faret Sakariassen la fram alternativt forslag om å forlengje statusen som senter til ny modell er vald, men det falt. I staden vart eit samla styre einige om dette vedtaket:
«CenSE fortset i si noverande form inntil ei arbeidsgruppe, som blir pekt ut av direktøren, har definert korleis vidare satsing på berekraftig energi kan gis nytt liv og styrkast framover».