Byggjer kompetanse i Bolivia


Kompetansebygging kring olje og gass kan spele ei stor rolle i å forbetra levekåra i Bolivia. Saman med gode partnarar har UiS lukkast med å få til ei berekraftig utvikling i Sør-Amerikas fattigaste land.

Måndag 8. oktober i år arrangerte Universidad Mayor San Andres (UMSA) i La Paz ein avslutningsseremoni for det første kullet nokon sinne med Mastergrad i petroleumsteknologi i Bolivia. Denne seremonien fann stad som eit direkte resultat av eit prosjekt i regi av UiS i perioden 2009-2014, finansiert av Energy and Petroleum-programmet (EnPe) til NORAD.

– Rørande oppleving
Heile 26 av dei 32 studentane som starta på dette mastergradsprogrammet for to år sidan greidde å fullføre alle kurs ,samt levere masteroppgåva si innan normert tid. Dette er høgst uvanleg og oppsiktsvekkjande i Sør-Amerika, ifølgje Terje Frøiland, som er koordinator for prosjektet ved UiS.

Saman med UiS-rektor Marit Boyesen og professor Svein Skjæveland, som er styreleiar for EnPe-programmet, fekk Terje Frøiland medalje og diplom av leiinga på universitetet i La Paz for arbeidet sitt. Han var sjølv til stades på seremonien saman med Skjæveland og leiar for sekretariatet til EnPe-programmet, Hilde Skeie.

– Det var ei rørande oppleving, og kjekt å sjå at det har fungert. Gjennom dette programmet har Universitetet i La Paz skaffa eiga arbeidskraft, petroleumsingeniørar har vorte utdanna og mange av dei har også fått jobbar som dei ikkje ville fått utan denne graden. Desse resultata er optimale for slike prosjekt, og det er ikkje i alle land ein har NORAD-prosjekt der ein får det til. UiS har fått masterprogrammet opp å gå i løpet av fire år og styrt det heile med sterk hand, seier Skeie og legg til at samfunnsnytta av prosjektet er veldig stor.

Utvikla masterprogram
UiS har i løpet av den femårige prosjektperioden utvikla og etablert det nye masterprogrammet i petroleumsteknologi ved UMSA i samarbeid med det bolivianske universitetet. I tillegg har undervisningslaboratorium, lærebøker og manualar og stipend til lærarar og studentar ved UMSA kome på plass som resultat av prosjektet.

– Også ein heilt ny campus i La Paz har vorte finansiert av regjeringa i Bolivia, som no i større grad ynskjer å satse på petroleum, seier Frøiland.

Lærarar ved UMSA har også fått moglegheit til å ta mastergrad og er no er kvalifiserte til å undervise i det nye petroleumsprogrammet. Same prosjekt førte også fire studentar til UiS for å ta sine mastergrader. Hilda Choque Flores var ei av desse. No er ho på plass i full stilling som lærar i det nye masterprogrammet på UMSA.

Eigne lærarkrefter
UiS fekk 6 millionar i stønad frå EnPe-programmet til å gjennomføre prosjektet, men fleire av dei tilsette har også strekt seg langt for at kabalen skulle gå opp. På grunn av mangel av kvalifiserte lærarar, reiste UiS-tilsette Mesfin A. Belayneh frivillig til Bolivia for å undervise i brønn- og boreteknikk.

– Dette prosjektet har skapt ei bærekraftig utvikling i Bolivia ved at UMSA heilt på eiga hand no startar nye klassar kvart år der dei nyttar seg av eigne lærarkrefter til undervisning, seier Frøiland.

Førti prosent av dei 26 mastergradsstudentane frå det første kullet er tilsette i Departementet for Energi og petroleum, førti prosent har fått jobb i statsselskapet YFPG – tilsvarande Statoil i Noreg, medan dei resterande tjue prosentane no søkjer jobb i privat sektor innan petroleum.

Master i petroleumsgeologi
Grunnleggande verdiar knytt til etikk, miljø, energi og petroleum som grunnlag for kampen mot fattigdom og betring av levekår for vanlege folk i Bolivia, har også stått sentralt i undervisninga på det nye masterprogrammet.

Avslutningsseremonien i byrjinga av oktober var også ei markering av at det fem-årige prosjektet var ferdig. No har imidlertid UiS fått ansvaret for eit nytt prosjekt, der ein ynskjer å byggje kompetanse kring leiting etter olje. Dette skal gjerast ved blant anna å opprette eit mastergradprogram i petroleumsgeologi og miljø.

Prosjektet har fått stønad frå NORAD på 9 millionar kroner, og skal gå over fem år. I dette prosjektet tek førsteamanuensis ved UiS, Udo Zimmerman, over stafettpinnen frå Frøiland som prosjektkoordinator ved UiS.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (10.11.2014)

Skriv ut artikkel print symbol
Terje Frøiland syner fram medaljen som han fekk av leiinga på universitetet i La Paz som takk for arbeidet.
Terje Frøiland syner fram medaljen som han fekk av leiinga på universitetet i La Paz som takk for arbeidet.