Vinner av Abel-prisen kjem til UiS


Årets Abel-pris går til den russiske matematikaren Yakov G. Sinai. Den 22. mai kjem Sinai til Universitetet i Stavanger for å halde foredrag.

I går gjorde Det Norske Videnskaps-Akademi det offentleg kven som får Abelprisen 2014. Vinnaren, Yakov G. Sinai (78), er tilsett ved Princeton-universitetet i USA og Landau-instituttet for teoretisk fysikk ved Det russiske vitenskapsakademi.

Framståande
Sinai får prisen «for hans vesentlege bidrag til dynamiske system, ergodeteori og matematisk fysikk», i følgje ei kunngjering frå Abelprisen.

Russeren er ein av 1900-tallets mest framståande matematikarar. Han har oppnådd ei lang rekkje banebrytande resultat innanfor teorien om dynamiske system, matematisk fysikk og sannsynsteori.

Vitjing i mai
H.K.H. Kronprinsen skal overrekkje prisen til Yakov G. Sinai i ein prisseremoni i Oslo 20. mai. To dager etter kjem altså Sinai til Stavanger for mellom anna å vitje UiS.

Meir detaljar om besøket blir annonsert når dei er klare.

 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (27.03.2014)

Skriv ut artikkel print symbol
Yakov Sinai
Yakov Sinai (Foto: Princeton University, Department of Mathematics)