Bok om boring til kinesisk


Bernt Aadnøy sine bøker om brønnboring er kjende over store deler av verda. No får også kinesarar denne ypparlege fagkunnskapen på sitt eige språk. Ei portugisisk utgåve av boka kjem i desember.

Boka «Petroleum Rock Mechanics» dreiar seg ikkje berre om oljeboring, men tek føre seg heile det bergmekaniske fagfeltet.
Originalutgåva er på engelsk, men no kjem den også på verdas største språk. Dermed kan alle interesserte i industrigiganten Kina lesa han.

– Eg veit ikkje noko om kor mange eksemplar som skal trykkast opp, men forlaget seier det er stor interesse for denne boka. Det er derfor dei vil gi han ut på fleire språk, seier ein nøgd Aadnøy.

Portugisisk
Før jul kjem boka også ut på portugisisk, med tanke på den store brasilianske marknaden. Brasil er ein sterkt vaksande petroleumsnasjon, som allereie produserer meir olje enn Noreg.

På grunn av den store befolkninga i landet, er portugisisk det åttande mest utbreidde språket i verda.

Lengre levetid
Professor Aadnøy har skrive, eller bidrege til, fem bøker om geomekanikk, boring, brønndesign og liknande emne. Dei kan mest kallast standardverk og nyttast både i undervisning og av bransjefolk, verda over.

– Når eg er på konferansar og slikt, kjenner folk meg igjen frå bøkene. I forsking er det mest fokus på artiklar i vitskaplege tidsskrift, men eg likar også å skrive bøker. Dei har lengre levetid og større påverknadskraft enn mange forskingsartiklar, seier Aadnøy.

Bernt Aadnøy sine bøker:
Petroleum Rock Mechanics
Mechanics of Drilling
Modern Well Design
Advanced Drilling and Well Technology
Fundamentals of Drilling Engineering


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (08.11.2013)

Skriv ut artikkel print symbol
Foto av UiS-professor Bernt Aadnøy som viser den kinesiske utgaven av boka «Petroleum Rock Mechanics».
UiS-professor Bernt Aadnøy viser den kinesiske utgaven av boka «Petroleum Rock Mechanics».
Coveret til boka «Petroleum Rock Mechanics».
Coveret til boka «Petroleum Rock Mechanics».