Studentjubel for Shells geolab


Med pengar frå Norske Shell kunne UiS i dag opne eit splitter nytt undervisingsrom og laboratorium for petroleumsgeologi. Studentane jublar.

UiS-studentane Ida Flatebø og Mari Kristjansdottir i passiar med Cato Berge i Norske Shell. 

Eit tidlegare bomberom er blitt til eit skinnande nytt førelesingsrom med store skjermar, høgtalarar og datamaskinar med siste skrik i geologisk programvare.

– Dette er heilt fantastisk. Tidlegare hadde vi eit lite førelesingsrom med mange studentar i. Om du satt langt bak, kunne det vere vanskeleg å få med seg kva som skjedde. Her kan alle sjå og høyre alt, seier Mari Kristjansdottir.

– Glad og stolt
Ho og Ida Flatebø frå tredje året bachelor var blant studentane som feira med kake på Kjølv Egelands hus i dag. Både fekk slå av ein prat med den glade givaren, Cato Berge frå Norske Shell.

– Me er veldig glade for å kunne bidra, og stolte av å kunne sjå at tilhøva vert lagt til rette for studentane, sa Berge under opninga.

Han donerte ikkje berre 2,5 millionar kroner frå Norske Shell til oppussing, utstyr og programvare, men også sine eigne private fotografi frå jærstrendene. Når studentane treng ein pause frå å granske seismikk, kan dei kvile auga på ein annan type geologi, nemleg svaberg og strandsteinar i Berge sine vakre svart-kvitt-fotografi.

Langsiktig samarbeid 
Instituttleiar Hans Borge takka Norske Shell for gåva på 2,5 millionar kroner og ga selskapet skryt for si langsiktige satsing på samarbeid med UiS.

– Dette er særs viktig for oss, slo han fast.

Mange studentar
Petroleumsgeologi-miljøet har den siste tida blitt eit offer for eigen suksess. Studia på bachelor- og masternivå har hatt svært mange søkjarar – heile 1348 i år – og svært få studentar har droppa ut undervegs, som er vanleg. Berre i haust starta 60 nye studentar. Nye undervisings- og laboratorierom tvang seg fram.

– UiS vert finansiert som ein høgskule, men leverar som eit universitet. Budsjettet mitt hadde gått i minus dette året, om ikkje Norske Shell hadde kome på banen, sa ein takksam Borge. Han peika på at det nye utstyret gjer studia ved UiS endå meir nyttige og relevante for industrien.

Internasjonalt
Petroleumsgeologi-studia er særs internasjonale.

– Vi har 15 vitskaplege og tekniske tilsette frå ni nasjonar. Kor mange ulike land studentane kjem frå, har vi faktisk ikkje klart å telje, men det er mellom 20 og 30, sa Borge under opninga.

Les meir om bachelorstudiet i petroleumsgeologi

Leis meir om masterstudiet i petroleumsgeologi

Les om petroleumsgeologi på våre forskingssider


Tekst: Leiv Gunnar Lie
Foto: Asbjørn Jensen


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (09.09.2013)

Skriv ut artikkel print symbol
Foto av Hans Borge (UiS) og Cato Berge (Norske Shell) i eit rom fylt av pc-skjermar og bilete på veggane.
Den nye geolaben er fylt med tipp-topp teknologi. Instituttleier Hans Borge (t.v.) er takksam overfor Cato Berge og Norske Shell.
Foto av studentane Ida Flatebø og Mari Kristjansdottir saman med Cato Berge i Norske Shell.
UiS-studentane Ida Flatebø og Mari Kristjansdottir takkar Cato Berge i Norske Shell.