UiS med i nytt arktisk senter


UiS er ein sentral aktør i det nye senteret for petroleumsforsking i Arktis, som vart presentert av olje- og energiminister Ola Borten Moe i går.

Det er Forskingsrådet som står bak avgjersla om at Amundsen-senteret, der UiS er ein av seks partnerar, skal få status som nasjonalt senter.

Det viktigaste føremålet vil vere utdanning og forsking for at petroleumsverksemda kan bevege seg nordover på ein mest mogleg berekraftig og trygg måte. Verksemda skal leiast av Universitetet i Tromsø og ha base i ishavsbyen.

Senteret inneheld førebels åtte forskingsområde, basert på næringa sine behov. UiS har ansvar for to av desse og IRIS har ansvar for eitt. Mellom anna vil all aktivitet knytta til petroleumsteknologi, offshore feltutbygging og risiko og sikkerhet vil gå føre seg i Stavanger.

– Dette er ei stor hending som vil gi Universitetet i Stavanger (UiS) tilgang på store pengar og toppforskarar frå heile verda, seier Terje Frøiland, leiar for eksterne relasjonar ved Det teknisk- naturvitskaplege fakultetet til Stavanger Aftenblad.
 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (30.05.2013)

Skriv ut artikkel print symbol
Illustrasjonsfoto av ishav