Samarbeid om supercomputer


Universitetet i Stavanger har signert samarbeidsavtale med National Supercomputer Centre i Kina. Dermed får forskarane i Stavanger tilgang til verdas 8. kraftigaste datamaskin.

National Supercomputer Centre (NSCC) ligg i Tianjin, ein by i det nordre Kina med over 11 millionar innbyggjarar. Datamaskinen deira var verdas kraftigaste så seint som i 2011.

Det er professor Chunming Rong ved Senter for IP-basert serviceinnovasjon (CIPSI) på UiS som har fått i stand avtalen.

– Dette blir en viktig samankopling mellom «high performance computing» og «big data»-anvendelse, seier professor Rong.

EU-prosjekt
High performance computing handlar om kor mange utrekningar ein maskin kan utføre i løpet av eit sekund, mens big data handlar om kor stor datamengd eit system kan handtere i løpet av eit sekund.

– Det er no viktig å samle de to retningane, slik at vi kan handsame stor datamengd raskt og effektiv, seier Rong.

Samarbeidet er ein del av EU-prosjektet SCC Computing, som skal byggje relasjonar og utvikle forskingssamarbeid mellom Europa og Kina innanfor super-datamaskinar. Dei andre europeiske partnerane kjem frå Storbritannia, Bulgaria, Spania og Sveits.

Les meir om supercomputeren her

Stor datamengd
UiS deltek også i eit norsk prosjekt som heiter ERAC (Efficient and Robust Architecture for the Big Data Cloud). Det handlar om å byggje ein ny arkitektur for å handtere stor datamengd på ein effektiv og sikker måte.

Dette prosjektet er støtta av Forskingsrådet og skjer i samarbeid med Simula, UiO og Oracle, Lyse.

Chunming Rong er professor ved Institutt for data- og elektroteknikk (IDE).


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (10.05.2013)

Skriv ut artikkel print symbol
Foto av Chunming Rong foran supercomputeren i Tianjin, Kina.
Professor Chunming Rong inspiserer supercomputeren i Tianjin, Kina.