UiS søkjer om senter for auka oljeutvinning


UiS, IRIS og partnarar vil søkje om å få det nye senteret for auka oljeutvinning.

I førre veke lyste Forskingsrådet ut eit nytt, nasjonalt forskingssenter for auka oljeutvinning på norsk kontinentalsokkel.

Planen eit slikt forskingssenter vart først lansert i regjeringa si petroleumsmelding i 2011.

Auka oljeutvinning er eit særs viktig tema for Noreg. Kunnskap og teknologi som fører til at utvinningsgraden i reservoara aukar sjølv det minste, vil skapa store verdiar for samfunnet. Dette er verdiar som elles ville gått tapt.

Forskingsrådet si utlysning er open og med fri konkurranse. Utlysinga legg vekt på tett samarbeid med industrien, slik at forskingsresultat kan bli testa og tatt i bruk raskast mogleg.

Dei fire institusjonane SINTEF, NTNU, UiS og IRIS skal no utarbeida ein søknad, i tett samarbeid med partnarar i industrien.
Fristen for å sende inn søknadsskisse er sett til 13. mars.
 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (21.02.2013)

Skriv ut artikkel print symbol
Foto av testglass for oljeforskning.
UiS forsker mye på oljeboring og brønnteknologi.