Disputas om installasjonar i Arktis


Den 28. november forsvarer Abbas Barabadi (33) si doktoravhandling i offshoreteknologi. Han har funne nye metodar for å få installasjonar til å fungere betre i arktiske strøk.

Avhandlinga inneheld ingeniørmessige og matematiske analyseteknikkar som kan forbetre prestasjonen til industrielle produksjonsfasilitetar, maskinar og utstyr under vanskelege tilhøve, som for eksempel i Arktis.

Med auka etterspørsel etter energi dei siste tiåra, har den arktiske regionen blitt eit interessant område for framtidig leiting og utvikling for olje- og gassindustrien.

Røft klima
Den arktiske regionen er kjend for sitt røffe klima og sensitive natur i eit vanskeleg tilgjengeleg område. Dette er kompliserande faktorar som kan påverke produksjonen og produksjonsutstyret negativt.

Barabadi har i si avhandling analysert prestasjonsanalyse for produksjon under slike tilhøve. Han har foreslått nye metodar for dette, mellom anna statistiske analysar for å føresjå handtering av produksjonsstans og tilgang på reservedelar.

Tittelen på avhandlinga er: ”Produksjon prestasjonsanalyse: pålitelighet, vedlikeholdsvennlighet og driftsbetingelser”.

Disputas i Tromsø
Hovudvegleiar for Barabadi i dette arbeidet var Tore Markeset og sidevegleiar var Ove Tobias Gudmestad. Begge er professorar ved Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi (IKM) ved UiS.

Doktorgraden er utført på universiteta i Stavanger og Tromsø. Sjølve disputasen går føre seg i Tromsø.

Gruveteknologi frå Iran
Arbeidet med doktorgraden er gjort mogleg av støtte frå Noregs forskingsråd (Petromaks-programmet), Eni Norge AS, Universitetet i Tromsø og Senter for Industriell teknologi og driftsleiing (CIAM) ved Universitetet i Stavanger.

Abbas Barabadi er frå Iran. Han har bachelorgrad i gruveteknologi frå Tehran University og ein master i same emne frå Azad University, også det i Teheran. Han er no tilsett som forskar ved Universitetet i Tromsø.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (24.11.2011)

Skriv ut artikkel print symbol
Portrett av stipendiat Abbas Barabadi, som tek doktorgraden i offshore-teknologi ved UiS og UiT.
Abbas Barabadi har i si avhandling foreslått nye metodar for å få offshore-produksjon til å fungere betre i Arktis.