Disputas om korrosjon i oljenæringa


Måndag 31. oktober disputerte Yuan Song (27) til doktorgraden ved UiS. Hennar doktorgradsstudie har brakt fram ny informasjon som kan nyttes ved korrosjonskontroll i olje- og gassindustrien.

På grunn av kostnadar, tryggleik og miljøkonsekvensar er korrosjon eit viktig tema for olje og gassindustrien. På verdsbasis er kostnadane med korrosjon berekna til 10 billionar kroner, eller 4,5 gonger Noregs brutto nasjonalprodukt.

Oksygenlekkasje til røyrleidningar og prosessutstyr som transporterer olje frå sure (H2S-holdige) brønnar vil føre til alvorleg lokal korrosjon i røyrleidningane.

Giftige utslipp
Dette kan resultere i oljelekkasje til omgjevnadane og utslipp av svært giftig hydrogensulfid-gass til atmosfæren. Fleire oksy-svovelbindingar kan bli danna ved temperaturar som tilsvarar tilhøve under oljeproduksjon.

I denne phd-studien analyserte Song effekten av oksygen på reaksjon med hydrogensulfid. Ho undersøkte også effekten av danna oksy-svovelbindingar på korrosjon.

Nyttig for industrien
Eit systematisk eksperimentelt arbeid kombinert med litteraturundersøkingar blei utført for å tilegne seg betre forståing av mekanismane til sur korrosjon ved oksygentilgang.

Resultata frå arbeidet gir nyttig informasjon som kan nyttes ved korrosjonskontroll i olje- og gassindustrien.

Forskinga er utført ved Institutt for Energiteknikk (IFE) på Kjeller under rettleiing av seksjonsleiar Jon Kvarekvål ved IFE og professor Tor Hemmingsen ved Universitetet i Stavanger.

Avhandlinga har tittelen ”Effect of Oxygen on Sour Corrosion”.

Offshore-student
Song har vore doktorgradsstudent i Offhsoreteknologi ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet på UiS, men disputerte ved IFE. Arbeidet vart finansiert av Forskingsrådet.

Song er frå Wuhan, som er hovudstaden i Hubei-provinsen i Kina. Ho studerte til ingeniør innan energi og miljø ved Høgskolen i Telemark og arbeider no på Aker Solutions i Oslo.


 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (07.11.2011)

Skriv ut artikkel print symbol
Foto av Yuan Song i kvit frakk på eit laboratorium. Song har disputert med ei avhandling om korrosjon. Foto: Privat
Kinesiske Yuan Song har disputert med ei avhandling om korrosjon. Foto: Privat