Seminar om produksjonsoptimalisering


Torsdag, 31. mars inviterer Senter for industriell teknologi og driftsleiing til seminar om produksjonsoptimalisering.

Senter for industriell teknologi og driftsleiing (CIAM) ved Universitetet i Stavanger ynskjer å invitere produksjons-, drifts- og vedlikehaldsleiarar og medarbeidarar til deltaking i temagruppa ”Produksjonsoptimalisering”. Målet med gruppa er å bidra til fagleg og personleg utvikling gjennom deltaking i eit nettverk for dei nemnde bransjane og medarbeidarar i CIAM sine partnarorganisasjonar. Andre med interesse for dei aktuelle tema kan også delta på samlingane.

I møta legg CIAM opp til å presentere og diskutere utfordringar som er aktuelle for produksjons- og driftsfunksjonen. Gruppa er ein av fleire temagrupper som CIAM har starta opp. Tittelen på seminaret 31. mars er ”Production Optimization: Use the Best of Our Potential or Just Live the Legacy?”

Program:
8:45 Morgonkaffi
9:00 Velkommen ved professor Jayantha Liyanage, CIAM, og professor i petroleumsteknologi Aly Hamouda, UiS
9:05 ”Introduction – Production Optimizaton Challenges” ved Aly Hamouda
9:15 ”Cost Overruns in E&P Field Development Projects: Causes and Consequences” ved Erik Reiso, Senior Project Manager i Rystad Energy
9:45 “Capitalizing on Mature Assets: It Depends on Us?” ved Roy Ruså, VP Projects and Strategy i Petoro AS
10:15 Oppsummering

Tid: Kl. 9:00-10.15, torsdag 31. mars, 2011
Stad: Rom E-164 i Kjølv Egelands hus på Universitetet i Stavanger
Arrangør: Senter for industriell teknologi og driftsleiing ved Universitetet i Stavanger i samarbeid med Petoro AS og Rystad Energi
Avgift : CIAM-partnarar, spesielt inviterte, UiS-tilsette og studentar: gratis, andre: 500,-
Påmelding: Innan fredag 25.3.2011 til ciam@uis.no

Les meir om CIAM.


Sist oppdatert av (24.03.2011)

Skriv ut artikkel print symbol
CIAM-logo
Senter for industriell teknologi og driftsleiing arrangerar seminaret i samarbeid med Rystad Energy og Petoro AS.