8,8 millionar og pris til Simon Møller


Simon Møller ved Senter for organelleforsking har fått 8,8 millionar i fri prosjektstøtte frå Noregs forskingsråd for 2011. Han er også ein av vinnarane av Firsprangprisen.

– Det er kjempebra at vi har fått fri prosjektstøtte frå Noregs forskingsråd. Konkurransen om midla er hard, seier Simon Møller, professor og leiar for Senter for organelleforsking (CORE) ved UiS.

Pengane skal bli brukt til forsking på Parkinsons sjukdom. Forskarane ved CORE ynskjer å finne ut meir om mekanismane som gjer at folk får sjukdomen. Målet er å finne ut korleis sjukdomen kan bli oppdaga på eit tidlegare tidspunkt. I forskinga på sjukdomen gjerast det eksperiment med plantar, sebrafisk og klinisk materiell, som hjernevev.

 

Ynskjer støtte til fleire prosjekt
Tittelen på prosjektet som har fått støtte er ”Elucidating the link between oxidative stress and neurodegeneration by merging plant, zebrafish and human research approaches”. Møller hadde håpa CORE skulle få støtte til fleire forskingsprosjekt.

– Det einaste negative er at senteret berre har fått støtte til eitt prosjekt. Prosenten av søknadane som blir innvilga av Noregs forskingsråd er for lav. Eg synast det er viktig å få med. Noregs forskingsråd har også sjølv uttala at prosenten som får støtte til forskingsprosjekt er for lav, seier Møller.



Vann Firsprangprisen

Simon Møller og Senter for organelleforsking blir lagt merke til. Nyleg blei det arrangert prisutdeling av Firsprangprisen. Intensjonen med prisen er å kaste lys over enkeltpersonar i privat eller offentleg verksemd som har bidrege til nytenking.

Firsprangprisen er eit samarbeid mellom Rogalands Avis, Næringsforeningen i Stavangerregionen, Sparebanken Vest og Innovasjon Noreg. Kvar av vinnarane får 35 000 kroner og ein portretteikning av Kjell Pahr-Iversen. Møller var ein av fire som fekk prisen.

– Med Firsprangsprisen gjer vi ei merksemd til nokon som har gjort ein jobb utover det forventa. Den jobben Møller har gjort med Senter for organelleforsking er eksemplarisk. Han har vore ute i verda og fått kunnskap og kompetanse, og har valt å komme tilbake til Stavanger. Møller har vore med på å forsterke klyngjer rundt biologi og mat i regionen, seier juryleiar Tom Tvedt til UiS.no.

Møller er glad for prisen.

– Det er veldig kjekt  å få prisen, å bli sett og lagt merke til, seier han.


Sist oppdatert av (10.05.2011)

Skriv ut artikkel print symbol
Simon Møller
På Senter for organelleforsking gjer forskarane eksperiment med planter, sebrafisk og klinisk materiell, som hjernevev. – Målet er å finne ut meir om Parkinsons sjukdom, opplysar Simon Møller.