Seminar om mikroskop på CORE


Nyleg arrangerte Senter for organelleforsking (CORE) og Nikon mikroskopseminar. Deltakarane fekk særskilt innføring i bruk av avanserte konfokalmikroskop.

Tilsette frå Universitetet i Stavanger, Stavanger Universitetssjukehus og forskingskonsernet Nofima deltok på seminaret.

– Eg treng eit mikroskop i eit prosjekt om Parkinsons sjukdom og kva for ei rolle protein speler i sjukdommen. Med eit høgopplausingsmikroskop kan eg til dømes sjå kor i cellene proteina er, seier Johannes Lange, forskar på Senter for bevegelsessykdommer på Stavanger universitetssjukehus.
Han var ein av dei rundt 30 som deltok på seminaret.


Nyttar laserlys
Senter for organelleforskning (CORE) ved UiS eig fleire mikroskop. På seminaret fekk deltakarane særskilt innføring i korleis ein nytter konfokalmikroskop. Det er eit avansert mikroskop som nyttar laserlys for å konstruere tredimensjonale bilete av biologiske prøvar.

– Vi ville arrangere seminaret for at fleire verksemder i nærleiken skal vite om mikroskopa. CORE kan tilby tenester der det krevjast mikroskop. Når vi samarbeider med andre partar, kan dei også bruke mikroskopa. Vi håper at seminaret kan virke inspirerande. Når deltakarane ser korleis dei kan bruke mikroskopa, kan dei kanskje få nye idear til prosjekt, seier Jodi Maple, postdoktor ved CORE og ansvarleg for seminaret.
 


Sist oppdatert av (23.09.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Johannes Lange
Johannes Lange, forskar på Stavanger universitetssjukehus, vil lære meir om høgopplausingsmikroskop for å bruke instrumentet i si forsking på Parkinsons sjukdom.
Jodi Maple
– Når deltakarane ser korleis mikroskopa verker, kan dei kanskje få idear til nye prosjekt, seier Jodi Maple.
Robert Stad
Robert Stad frå Nikon kikkar inn i eit konfokalmikroskop.