Bjørkum-bok ut til 352 skular


Boka ”Annerledestenkerne” av Per Arne Bjørkum vert distribuert til over 350 skular over heile landet.

Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa (Naturfagsenteret) meiner at boka til dekanen ved UiS kan vere særs nyttig for lærarar som underviser i naturfag. Derfor gir dei boka i gåve til alle vidaregåande skular som har studiespesialisering i naturfag.

– Den nye læreplanen legg vekt på det ein på engelsk kallar The Nature of Science, altså ei meir filosofisk og vitskapsteoretisk tilnærming til naturfaga. Vi synes boka til Per Arne Bjørkum er framifrå lesestoff for naturfaglærarar og vil hjelpe dei til å få stoffet meir under skjorta, seier Anders Isnes, leiar for Naturfagsenteret.

Gode kritikkar
Per Arne Bjørkum, dekan ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet på UiS, har tidlegare hausta mange lovord for ”Annerledestenkerne”. Den nyaste utgåva av boka, som kom hausten 2009, fekk spesielt gode kritikkar.

Boka dreier seg om vitskapsmenn og forskarar som har utfordra vedtekne sanningar i samtida og korleis desse arbeidde - før og etter at dei fann løysinga. Lesaren blir derfor med på ein slags oppdagingsprosess og får samtidig innsyn i korleis teoriane blei motarbeidde av den etablerte ekspertisen.

Inspirasjon
Bjørkum er særs nøgd med at Naturfagsenteret har plukka ut nettopp hans bok.

– Eg har forsøkt å trekkje fram dei meir spennande og kreative sidene ved vitskapen. Viss boka mi kan inspirere lærarar og gi elevar større interesse for naturfag, er det veldig bra, seier Per Arne Bjørkum.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (25.08.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilete av omslaget på boka Annerledestenkerne
Boka Annerledestenkerne skal gi naturfaglærarar ekstra kunnskap om vitskapshistorie.