Ny professor i boring


Kjell Kåre Fjelde (39) er tilsett som professor i boring ved Institutt for petroleumsteknologi på Universitetet i Stavanger.

Fjelde har ei doktorgrad i numeriske metodar for fleirfasestrøm frå Universitetet i Bergen. Han arbeidde først som forskar på bergenskontoret til International Research Institute of Stavanger (IRIS). I perioden 2005-2008 var han del av i risikogruppa til IRIS i Stavanger. Ein kort periode var han også forskingssjef ved forskingsinstituttet.

Dei to siste åra har Kjell Kåre Fjelde hatt ei lærarstilling ved Stavanger Offshore Tekniske Skole (SOTS) i Stavanger. Han har samtidig helde forelesingar for petroleumsstudentar på Universitetet i Stavanger.

No skal han via seg heilt til høgare utdanning. Frå 1. august 2010 er han professor ved Institutt for petroleumsteknologi UiS.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (06.08.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Foto av professor Kjell Kåre Fjelde
Kjell Kåre Fjelde er ekspert på boring. Nå er han professor ved UiS.