Atle Øglend disputerer om lakseprisar


Den 4. juni forsvarer Atle Øglend (28) si doktorgradsavhandling ved UiS. Han har forska på prisvariasjonar i laksemarknaden.

Forskinga som ligg til grunn for doktorgraden bidrar til den allereie intensive økonomiske forskinga på norsk oppdrettsnæring.

Øglend sine spesifikke bidrag ligg i å forstå dei kortsiktige marknadseffektane, som på grunn av manglande tilgang på data har vore underrepresentert i forskinga. Denne avhandlinga bidrar til å jamne ut denne ubalansen.

Store prisvariasjonar
Olje og fisk er våre to største eksportvarer. Begge kategoriane varer har marknader med store variasjonar i pris. Desse prisvariasjonane verker inn på både einskilde selskap og samfunnet som heilskap.

Stipendiaten Øglend har i sitt arbeid arbeidd med å modellere dei kortsiktige variasjonane i råvaremarknader.

Formålet med modelleringa er å forstå årsakene bak prisvariasjonane, samt korleis dei endrar seg, blir spreidd og absorberast over tid. Denne innsikta vil gjøre næringsaktørar betre i stand til å handtere prisrørslene.

Olje og fisk
Hovudfokuset i avhandlinga har vore prisen på oppdrettslaks, men andre marknader som olje òg har blitt analysert.

I arbeidet har Øglend mellom anna avdekka korleis prisvariasjonen i laksemarknaden rører seg avhengig av sesongmønster i fiskevekst, etterspørsel og forteneste. Han har i tillegg vist korleis prisvariasjonane blir spreidd over marknader for ulike lakseprodukt.

Atle Øglend har fått vegleiing av to professorar ved Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging. Hovudvegleiar har vore Frank Asche og Ragnar Tveterås var medvegleiar. Avhandlinga hans har tittelen ”An Analysis of Commodity Price Dynamics with Focus on the Price of Salmon”.


Les meir om disputasen her

 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (27.05.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilete av Atle Øglend foran datamaskinen.
Stipendiat Atle Øglend disputerer til ph.d.-graden 4. juni.