Rekordmange siteringar


Jonny Beyer, seniorforskar ved IRIS og førsteamanuensis II ved UiS, har passert 1000 siteringar i ISI Web of science. Dette er ny rekord for IRIS.

Jonny Beyer, som til dagleg arbeider på IRIS Biomiljø, har ei lang rekkje vitskaplege publikasjonar på samvitet. Talet på siteringar viser kor mykje artiklane hans vert sitert i andre sine vitskaplege artiklar.

Ein av artiklane hans frå 2003, Fish bioaccumulation and biomarkers in environmental risk assessment: a review, fekk heile 113 nye ISI siteringar i løpet av 2009, noko som er eit uvanleg høgt tal for ein enkelt artikkel, uansett fagleg disiplin.

Viktig å bli sitert
Siteringsdata er viktige i høve til tildeling av forskingsmidlar og vert dessutan brukt for objektiv evaluering av forskingsinstitusjonar og deira kvalitet og forskingsmessige gjennomslagskraft. ISI Web of Science vert rekna som den fremste siteringsdatabasen internasjonalt.

Jonny Beyer har sidan 2006 hatt ein førstemanuensis II-stilling ved Institutt for matematikk og naturvitskap ved Universitetet i Stavanger. Der har han utvikla tre studentkurs. Han gir også etter- og vidareutdanningskurs i økotoksikologi og biomarkør-vitskap, som er hans spesialistfelt.

Beyer er òg involvert i utvikling av ei norsk-russisk miljømasterutdanning ved IMN.

Ser synergiar
– Eg meiner det finst mange synergieffektar i eit nærare samarbeid mellom institusjonane våre. For IRIS er det ofte strategisk viktig å ta med master- og ph.d.-studentar når vi søkjer om støtte til forskingsprosjekt. Universitetet på si side treng gode undervisingstilbod og kan på fleire sett ha stor nytte av at det blir utført og publisert forsking av høg kvalitet i regionen, sjølv om ikkje alt skjer på UiS, mener Beyer.

– Oppslutninga om mine studentkurs viser at det er stor interesse for økotoksikologi på UiS. Eg skulle gjerne hatt meir tid til å kunne rettleie dei gode UiS-studentane innafor deira oppgåver på master- og ph.d.-nivå, seier forskaren.

Stor merksemd
Økotoksikologi handlar generelt om alt som skjer når giftige (og menneskeskapte) stoff sleppast ut og forureinar naturen. Dette vert det forska mykje på ved IRIS-Biomiljø, som har om lag 40 forskarar.

Gruppa er lokalisert på den marinbiologiske forskingsstasjonen Akvamiljø i Mekjarvik. Miljøforskinga skjer med finansiering frå både Forskingsrådet og industrien og har vekt merksemd langt utover Stavanger-regionen. Den høge siteringsrata i ISI-basen av den nemnde biomarkørartikkelen er prov på det.

– Eg ser ei rekkje interessante moglegheiter for samarbeid mellom UiS og IRIS på miljøforsking og undervisning i tida frametter. Eit relevant område i så måte er moglege miljøeffektar av syntetiske nanomaterial. Dette er eit forskingsfelt som ligg an til å auke sterkt dei komande åra, meiner Beyer.


Sist oppdatert av System (25.05.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Portrettfoto av Jonny Beyer
Jonny Beyer frå IRIS og UiS får ofte forskinga si sitert av andre på fagfeltet.