Ny instituttleiar for petroleum


Professor Bernt Aadnøy har takka ja til å vikariere som leiar ved Institutt for petroleumsteknologi på UiS det neste halve året.

Aadnøy fungerer som instituttleiar frå og med i dag, 16. april, og seks månader fram i tid.

Dette skjer etter at tidlegare instituttleiar, Svein Skjæveland, tysdag trakk seg frå stillinga. Det er av omsyn til helsa at Skjæveland no går tilbake til sin vanlege professorstilling.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (16.04.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Portrett av Bernt Aadnøy
Professor Bernt Aadnøy tek førebels over som leiar av Institutt for petroleumsteknologi ved UiS.