Ope foredrag om bioteknologi


Professor Simon G. Møller, Universitetet i Stavanger, held foredrag om bioteknologi i forskinga og samfunnet.

Bioteknologi er ein del av kvardagen vår – når vi et, kjører på jobb, får vondt i hovudet, blir alvorleg sjuke og så vidare. Dette er en del av bioteknologien vi opplever frå dag til dag.

I dette foredraget vil Simon G. Møller fortelje om bioteknologi generelt og om aktivitetar i regionen.

Møller er professor og leiar av forskingssenteret CORE – Senter for organelleforsking ved UiS.

Foredraget går føre seg på rom A-204 i Kjølv Egelands hus, frå klokka 14.15 til 15.00 torsdag 18. mars. Dette er eit arrangement i serien Torsdagsseminar i naturvitskap.
 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (15.03.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilete av Simon Møller på CORE-laboratoriet
Simon Geir Møller driv med biologisk forsking på senteret CORE.