Startar samarbeid med Malaysia


8.-10. mars inngår UiS ein avtale med Universiti Teknologi Petronas (UTP) i Malaysia. Kronprins Haakon og næringsminister Trond Giske kastar glans over signeringa.

Samarbeidet opnar moglegheiter for utveksling av studentar og tilsette og samarbeid om forskingsprosjekt innan olje, gass og berekraftig energi.

Avtalen er eit såkalla Memorandum of Understanding, altså ein intensjonsavtale. Den er likevel uvanleg detaljert, og fagfolk frå dei to landa har allereie satt fleire konkrete samarbeidsprosjekt ned på papir.

Flotte fasilitetar
UTP er eit topp moderne universitet i Kuala Lumpur, Malaysia. Representantar frå UiS og Risavika Gas Centre som har vært på besøk og sett fasilitetane, har vorte imponerte.
– Eg er heilt overbevist om at laboratorieressursane der vil kome våre studentar og forskarar til gode, seier Mohsen Assadi, professor ved UiS og leiar av Senter for berekraftig energi, cenSE.

Kronprinsen er med
Måndag til onsdag er han og rektor Aslaug Mikkelsen i Malaysia. Mikkelsen skal underteikne avtala med UTP, som er eid av statsoljeselskapet Petronas.

– Energibransjen si verksemd og forsking knytt til deira fagområde går føre seg over heile verda. Derfor er det òg viktig for universitetet i Stavanger å inngå fagleg samarbeid internasjonalt, seier rektor Mikkelsen.

Underteikninga av avtalen mellom UiS og UTP, og ein liknande avtale mellom Universitetet i Bergen og UTP, er del av eit offisielt norsk besøk til Malaysia i veka som kjem. Næringslivet er også representert. Den norske delegasjonen leiast av kronprinsparet og næringsminister Trond Giske.

Pressebesøk
Besøket er viktig nok til at Utanriksdepartementet denne veka inviterte ei gruppe journalistar frå tre aviser og ein tv-stasjon i Malaysia til reportasjetur i Noreg.

Torsdag var dei på besøk i Stavanger, der blant anna UiS og forskingsinstituttet IRIS stod på programmet. Pressefølgjet frå Malaysia lèt til å vere imponert av universitetet.

– UiS har ein svær campus og er svært internasjonalt. Eg trur dessutan at vi i Malaysia kan lære noko av korleis forskinga her blir implementert i samfunnet omkring, seier Santha Oorjitham. Ho leier feature-redaksjonen i den riksdekkjande avisa New Strait Times. 

Vil du vite mer? Les UTPs sak om signeringen her.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (26.03.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilete av kronprins Haakon på konferanse i Stavanger
Kronprins Haakon er med når Universitetet i Stavanger signerer ein avtale med Universiti Teknologi Petronas i Malaysia.
Bilete av fem journalister i snøen utanfor Arne Rettedals hus.
Fem malaysiske journalistar gjesta UiS torsdag. Dei representerar avisane New Strait Times, The Star, The Edge og tv-stasjonen TV3.