Doktorgrad om investeringar i Kazakhstan


Saule Shaidullovna Sagandykova (47) disputerar ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet ved UiS tirsdag 15. desember.

Ho forsvarer avhandlinga si, som har tittelen Effekten av direkte utanlandsinvesteringar på mottakarlandet: Case Kazakhstan.
Sagandykova har vore stipendiat ved Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging.

Forskinga hennar støtter teorien om at direkte utanlandsinvesteringar har ei positiv effekt på lønningar og økonomisk vekst. I ein større samanheng bidrar forskinga med ein teoretisk basis for utvikling av investeringsstrategi for mottakarland.

Tre effektar
Den viktigaste hensikta med doktorgradsavhandlinga er å undersøkje effekten av direkte utanlandsinvesteringar (Foreign Direct Investment) på økonomien til eit mottakarland. Hovudfokuset er på Kazakhstan og tre effektar blir undersøkt:

• Effekten av direkte utanlandsinvesteringar på økonomisk vekst og lønningar i Samveldet av uavhengige statar

• Effekten på økonomisk vekst i Kazakhstan

• Effekten på lønningar i Kazakhstan

Påverkar lønningane
Resultata frå studiane viser at direkte utanlandsinvesteringar har ein positiv og signifikant effekt på veksten i bruttonasjonalproduktet og på lønningar i Kazakhstan og i Samveldet av uavhengige statar.

Saule Shaidullovna Sagandykova har prøveførelesing i Kjølv Egelands hus, auditorium E-164 (inngang sør) klokka 10.
Førelesinga har tittelen Foreign Direct Investment in developing countries: causes and consequences - status and future research.

Sjølve disputasen startar same sted klokka 12.15.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (15.12.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Portrett av Saule Shaidullovna Sagandykova
Saule Shaidullovna Sagandykova forsvarer doktorgraden sin 15. desember.