R.M. Chandima Ratnayake disputerer


Ratnayake Mudiy Chandima Ratnayake (37) disputerer til doktorgraden tysdag 8. desember. Han har forska på korleis ein kan måle samanhengen mellom visjonar og oppnådde prestasjonar i industrielle produksjonssystem.

Tittelen på Ratnayakes avhandling er Styring av Industrielle Systemers Integritet: Bærekraftighet, Balansert Ytelse og Organisasjonell Tilpasning. Forskinga bidrar med ein formell mekanisme for å analysere gapet mellom målsette integritetsprestasjonar og oppnådde prestasjonar i industri som gjer store investeringar i dyre produksjonsanlegg og utstyr og som også bruker mykje kapital på drift og vedlikehald av slike produksjonssystem.

Offshoreindustrien er eit godt eksempel på slik industri.

Berekraftig
Ytinga til industrielle system (produksjonsanlegg) er vanlegvis målt i finansielle nemningar. Dei blir ofte vurdert som utilstrekkelege på grunn av høg grad av kompleksitet og risikoeksponering i systemdrifta.

Derfor vrir aktørane i industrien krava sine mot balansert og berekraftig yting. Dei krev økonomisk framgang utan å ofre kvaliteten til miljø eller sosial rettferd.

Integriteten til industrielle system avhenger av evna til å møte kontinuerlige endringar og aktørane sine forventningar. Det er ei utfordring å sjå i kor stor grad organisasjonane sine visjonar, strategiar og politikk kjem til syne i dei enkelte operasjonelle aktivitetane ute på produksjonsanlegga.

Overordna målsetjingar
Denne forskinga undersøker målemetodane og vurderingane om aktivitetane på lågare nivå i ein industriell organisasjon er på linje med dei overordna målsetjingane i organisasjonen.

I tillegg gjev denne avhandlinga ei omfattande oversikt over eksisterande kunnskap og et overordna rammeverk for styring av systemintegritet (Asset Integrity Management).

R.M. Chandima Ratnayake (37) er frå Sri Lanka. Han er knytt til Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi og .

Informasjon om disputasen
Arrangementet går føre seg på Kjølv Egelands hus, rom E-164 (inngang sør). Prøveførelesing med tittelen Strategies for maintenance of the aging structures in the North-Sea startar klokka 10.00. Sjølve disputasen tek til klokka 12.15.
 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (04.12.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilete av Ratnayake Mudiy Chandima Ratnayake
R. M. Chandima Ratnayake skal forsvare doktorgraden sin den 8. desember.