Første forelesinga for leverandørindustrien


I dag sette Acergy-ingeniørar seg på universitetsbenken til den første forelesinga i kursrekka på masternivå i arktisk teknologi og miljøteknologi. Det var Bjørn Kristoffersen, ECO Management Support, som held den første forelesinga.

Undervisingsopplegget er eit resultat av eit samarbeid mellom UiS og Acergy.

- Vi er spente, sier Acergy-ingeniørane Christian Wathne og Steinar Torheim før den første forelesinga. Vi ser fram til å ei utvida forståing av dei utfordringane som følgjer med oljeverksemd i nordlege og arktiske strok.

Kurset gjev til saman 60 studiepoeng fordelt på 20 studiepoeng fram til jul, og 40 studiepoeng fram til avslutninga i juni.

- Det kan bli eit travelt år, seier Wathne og Torsheim.

- Det er store utfordringar som er knytta til utbygging i arktiske strok når det gjeld miljø og klima, seier tidlegare Statoil-tilsett Bjørn Kristoffersen. Det er viktig å ha det i botn når ein skal laga teknologiske løysingar i slike sårbare strok. Derfor er dette kurset viktig for dei tilsette i Acergy.

Det er professor Ove T. Gudmestad som er fagansvarleg ved UiS. Han held den første forelesinga i morgon.

Det er 11 Acergy-tilsette som er med på kurset. Kurstilbodet gjeld generelt for leverandørindustrien i Rogaland.

 Tekst: Egil Rugland

 


Sist oppdatert av (05.11.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
KLARE FOR FØRSTE FORELESING: Christian Wathne, Acergy, t.v., forelesar Bjørn Kristoffersen, ECO, og Steinar Torheim, Acergy.