Jayantha P. Liyanage sjefredaktør i internasjonal publikasjon


Professor Jayantha P. Liyanage, Universitetet i Stavanger, er sjefredaktør for publikasjonen International Journal of Strategic Engineering Asset Management som nyleg kom ut for første gong.

Liyanage er leiar av Senter for industriell teknologi og driftsledelse (Centre for Industrial Asset Management) på UiS, og har en redaksjon som består av leiande fagpekspertar frå universitet og forskingsinstitusjonar frå heile verda.

- Dette er ein viktig tverrfaglegpublikasjon innan fagområdet Engineering Asset Management, sier Jayantha P. Liyanage. Asset Management er eit fagområde som i dei siste åra har fått større merksemd både som strategisk verkemiddel og for å effektivisera produksjonen og prosessar i industrien.

Det er Liyanage som har teke initiativ til utgjevinga av publikasjonen som etter planen skal koma ut med fire nummer årleg.

- Publikasjonen har til hensikt å formidla verdifull informasjon og spreia kunnskap for å fremja fagområdet Asset Management innan forsking og praktisk bruk. Det gjev forskarar og fagekspertar eit godt høve til å kommunisera arbeidet på global basis.

- Målgruppa er industrien, universitets- og forskningsinstitusjoner, beslutningstagere i privat og offentlig virksomhet og andre som har relasjoner til fagområdet EngineeringAsset Management på bred internasjonal basis, sier Jayantha P. Liyanage.

 Les meir

Tekst: Egil Rugland

 


Sist oppdatert av (08.10.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Jayantha P. Liyanage