Franck Asche president i IAAEM


Professor Frank Asche, Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging (IØRP), Universitetet i Stavanger, er vald til president i International Association of Aquaculture Economics and Management (IAAEM).

 - Det er ei stor ære å få denne tilliten, seier professor Frank Asche. Men det er dessutan ei anerkjenning av miljøet på UiS på områda akvakultur og økonomi.

 IAAEM er ein leiande internasjonal fagorganisasjon innan området akvakulturøkonomi, og arrangerar fleire konferansar i samarbeid med World Aquacultur Society og gjev ut publikasjonen Aquaculture Economics & Management fire gonger i året.

I juninummeret av bladet var det eit stort innslag av artiklar frå UiS-miljøet. Frank Asche var gjesteredaktør saman med  Atle G.Guttormsen,  UMB.  Asche hadde òg ein artikkel saman med førsteamanuensis Kristin H. Roll, UiS, og Trine Tollvik, NOFIMA Market, Tromsø, om “New markets in aquaculture species – the whitefish market” medan stipendiat Atle Øglend, UiS, og professor Ragnar Tveterås, UiS, stod bak artikkelen “Spatial diversification in Norwegian aquaculture”.

 - IAAEM er eit viktig internasjonalt organ for formidling av forsking på oppdrett, seier Frank Asche.

 

 


Sist oppdatert av (08.10.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
PRESIDENT I IAAEM: Frank Asche