Bjørn Hjertager i seminar i naturvitskap


Professor og instituttleiar Bjørn Hjertager, Universitetet i Stavanger, er foredragshalder i seminar i naturvitenskap torsdag 10. september kl. 14.15 i rom A-204, Kjølv Egelands hus.

Han held foredraget: CFD: “Computational Fluid Dynamics” eller “Colours for Directors”?

CFD – Computational Fluid Dynamics er ei grein av strømmingsmekanikken som har utvikla seg formidabelt i dei seinaste 10-20 årene. Foredraget vil visa grunnlaget for CFD og nokre historiske øyeblikk på vegen til nåtidas utbreiing.

Døme på forfatterens bruk avh teknikkane innafor områder som offshore, tryggleik og kjemiske reaktorar vil bli gjeve. Moglegheiter og begrensingar ved CFD blir diskutert.
CFD er av skeptikarar  kalla for ”Colours for Directors”. Årsaka til det blir diskutert.

Forelesinga er på norsk, men lysark vil vera på engelsk.

Per A. Amundsen og Henning Knutsen ønskjer velkomen.


Sist oppdatert av (08.09.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Bjørn Hjertager