TN-fakultet har starta semesteret


Nærare 500 nye studentar starta i dag haustsemesteret på Det teknisk-naturvitskaplege fakultet på UiS.

 

Den tidlege starten er del av1. klasses samhold-opplegget som er berekna på alle som er tekne opp på dei tre-årige bachelorutdanningane i ingeniørfag, to-årige kandidatstudium i bygg, fem-årige masterutdanningar i teknologi/sivilingeniør, bachelor- og årsstudium i matematikk og bachelor i biologisk kjemi og bioteknologi.
Opplegget vart sett ut i livet for sju år sidan og har både eit sosialt og fagleg aspekt. Eitt av poenga er mellom anna  å friska opp kunnskap i realfaga matematikk og fysikk samstundes som det skal sveisa studentane saman.
I løpet av to dagar får studentane eit intensivt kurs i realfaga, og forelesingane i matematikk  startar allereie i morgon.

- Dyrk talentet, følgj undervisinga og still spørsmål til forelesarane, sa dekan Per Arne Bjørkum i sin velkomstale til studentane.

Gode tal

- Vi er svert godt nøgde med søkjertala i år, seier prodekan for undervising, Tore Wiig.

- Det gjeld spesielt bachelorstudia i petroleumsteknologi, maskin og material og bygg. Men det er òg gledeleg med dei gode tala for dei femårige masterutdanningane, ikkje minst i  industriell økonomi.

Det teknisk-naturvitskaplege fakultet har i dei siste åra satsa på å utvida tilbodet av dei fem-årige masterstudia.

- Det ser vi no resultata av, seier Wiig. Det er eit teikn på at studentane ser føremonet i å tenka langsiktig, og det er mange godt kvalifiserte studentar. Men det er òg eit uttalt ønskje frå arbeidsgjevare at studentar har full utdanning bak seg. Det gjev tryggleik både for studentar og arbeidsgjevar.

Tore Wiig har òg fleire døme på at studentar som har vore ute i arbeidslivet, kjem att for å fullføra gradene.

Høg ja-prosent

- I år er det ein svært høg ja-prosent på tilboda. Dermed oppfyller me måltala og vel så det på mange studier. Auka kvalitet har positiv innverknad på gjennomstrømninga av studentar, seier Tore Wiig, som ôg er særs nøgd med dei gode søkjertala til dei internasjonale masterstudiane i petroleumsteknologi, offshoreteknologi, IKT og miljøteknologi..

Jeannette Hovland og Jan Ormelch var to av studantane som starta i dag.

- Eg skal byrja på bachelorstudiet i bygg, seier Jeanette Hovland (22) frå Bømlo. Eg ser fram til et interessant og spanande studium. At eg valde bygg heng saman med ei generell interesse for arkitektur, og eg føler at det rett veg for meg å gå.

Jeanette Hovland har teke forkurs til ingeniørfag og har studert spansk.

- For meg kan det bli aktuelt å gå vidare til masterstudiet i byutvikling og urban design, seier ho.

- Eg skal byrja på det fem-årige masterstudiet i petroleumsteknologi, fortel Jan Ormelch (21) som kjem frå Tyskland. At eg startar på UiS heng saman med at eg har lyst til å studera i eit anna land enn Tyskland.

Jan Ormelch har studert norsk i eit år.

- Eg ser føre meg eit utfordrande studium, og eg kan i framtida tenka meg å bli verande i Noreg og få arbeid i oljeindustrien.

 Les meir om opptakstala og poenggrensane.

 Tekst: Egil Rugland


Sist oppdatert av (12.08.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
SEMESTERSTART: Jan Ormelch, t.v., Tore Wiig og Jeanette Hovland er klare for semesterstart på TN-fakultet.