Norsk-spansk studentsamarbeid om byutvikling


41 studentar frå Universitetet i Stavanger og Unversidad politecnica de Valencia, Spania, har samla krefter for å gjera området mellom Jorenholmen og Østervåg til eit ope og attraktivt byrom.

Studentane i har vore på ein rundtur i Noreg, men det er Stavanger som er basis for studentoppgåvene som skal synas fram på mandag på Norsk Oljemuseum.
Dei 24 spanske og 17 norske bachelor- og masterstudentane var mellom anna på vitjing av det nye Opera-bygget, Aker Brygge, KonTiki-museet, Fram-museet og Vigelandsparken i Oslo, og var på turen frå Oslo til Stavanger innom Tønsberg, Arendal, Kristiansand og Flekkefjord for å få impulsar til prosjektoppgåva i Stavanger.

Nye idear
Det er UiS-stipendiat Lucas Griffith som er prosjektleiar for die norske og spanske studentane.
- I samband med oppgåva har me fått ei orientering i Stavanger kommune om realiseringa av det nye Konserthuset av sjefarkitekt Turid Haaland, seier Lucas Griffith.
- Studantane skal koma med idear som kan gjera området rundt Jorenholmen, Steinkar og Østervåg meir attraktivt for befolkninga i byen. Geoparken er allereie ein stor suksess, men den er ikkje tenkt å vera permanent.

Møteplass
- Dette er ein idedugnad, og me ønskjer at studentane skal planleggja innanfor eit tidsperspektiv fram mot 2050. Målet er at området skal bli ein sosial og kulturell møteplass  og understreka nærleiken til sjøen.
- Østervåg-området har fleire gode kvalitetar allereie. Men kvifor ikkje flytta Torget til Østervåg-Jorenholm-området til dømes, spør Luca Griffith.

Kåring måndag
Det skal bli spanande å sjå om studantane fører den ideen vidare, og av prosjektbeskrivinga går det og fram at det kan vera mogleg å koma med forslag om teateraktivitetar, akvarium, konsertscene og amfiteater.
På måndag kl. 15.00 vert det premiering av dei beste studentideane. Då vil det vera til stades representantar frå Stavanger kommune.

Tekst: Egil Rugland

 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (06.08.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilete av studentar på uteområde ved kaia i Stavanger
Her vert studentane orientert av Lucas Griffith, midt på biletet, om oppgåva som skal løysas.