Prisbelønte masterstudentar på TN-fakultet


Det blei delt ut fem prisar under avslutninga for masterstudentar på Det teknisk-naturvitskaplege fakultet. Talisman Energys studentprisar gjekk til Stian Bærheim, George Chukwudi Ikwuka, Andre Ivarjord Røsbak og Aruoture Voke Omekeh, medan studentprisen til Tekna gjekk til Ragnar Stølsmark.

Stian Bærheim og George Chukwudi Ikwuka, frå Nigeria, blei tildelte kr 25 000,- medan Andre Ivarjord Røsbak fekk kr 15.000,-, og Aruoture Voke Omekeh, frå Nigeria, kr 10.000,-.

- Dette er ein god pris å ta med seg vidare, seier Stian Bærheim på vegne av prisvinnarene. Til hausten byrjar eg i jobb i StatoilHydro innan boring og brønn. Det gler eg meg til.

Det var Manager External Affairs i Talisman Energy Norge, Andreas Middelthon som delte ut prisane.

Universitetet i Stavanger og Talisman Energy Norge A/S inngjekk i desember 2008 ein fem-årig samarbeidsavtale. Avtalen har ei økonomisk ramme på 4,840 millioner kroner.

Den nye avtalen inneber at det årleg blir gjeve stipend til seks internasjonale studentar på masterstudiet i Petroleum Engineering i perioden 2008-2013. 

Les meir om avtalen

Tekna studentpris er på kr 15.000,- og går til ein student som i tillegg til å ha gjort det fagleg godt, òg har vore engasjert utanom studiene.

Vinnaren Ragnar Stølsmark frå Vikedal har vore leiar av ISI (Interesseorganisasjonen for Sivilingeniørstudenter i Informasjonsteknologi), studentassistent og har gode karakterar på masterstudiet i data. Prisen blei delt ut av Elisabeth Balchen Gundersen, Tekna Stavanger.

- Dette var kjekt, seier Ragnar Stølsmark. No skal han ha to måneder med ferie før han startar opp til hausten som stipendiat i IKT på UiS.

Leiar av Risavika Gassenter,Terje Halmø, held hovudtalen og understreka at studentane i framtida vil ha stor glede av studiane i naturvitskaplege fag som dei har lagd bak seg og bruka krefter på å utvikla ny teknologi.

- No skiftar kvardagen frå å vera den som tek i mot lærdom til å gje tilbake til samfunnet. Men det gjeld å vera varsam og bruka tålmodet og lær å takla det uventa. Men gløym ikkje å vera homo ludens eller det leikande mennesket, avslutta Halmø og ønskte studentane lukke til i framtida.

Det var musikkinnslag ved studentane Maja Vagner, fiolin,  og Anna Cecilie Johansson, bratsj, frå Institutt for musikk og dans.

Det var prodekan for forsking, John Håkon Husøy, som ønskte velkomen til avslutningsseremonien som gjekk føre seg på engelsk.

Tekst: Egil Rugland


Sist oppdatert av (17.06.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilete av Andre Ivarjord Røsbak, George Chukwudi Ikwuka, Andreas Middelthon, Svein M. Skjæveland, Stian Bærheim, og Aruoture Voke Omekeh
Frå venstre: Andre Ivarjord Røsbak, George Chukwudi Ikwuka, Andreas Middelthon, Svein M. Skjæveland, Stian Bærheim, og Aruoture Voke Omekeh
Bilete av Tekna-prisvinnarane
Tekna-prisen gjekk til Ragnar Stølsmark og blei delt ut av Elisabeth Balchen Gundersen, Tekna Stavanger.