Bokgåve fra SPE


Society of Petroleum Engineers (SPE) Stavanger, har gjeve Universitetsbiblioteket 30 eksemplarar av boka Oil and Natural Gas som er laga av energy4me – SPE.

- Dette er ei bok på engelsk om olja i eit historisk perspektiv, seier leiar av SPE Stavanger, Jan Roar Drechsler, StatoilHydro. SPE er oppteken av rekrutteringa til ingeniøryrket, og på verdsbasis er det for tida ei fallande kurve. Boka enery4me er eit tiltak for å stimulera rekrutteringa, og er retta mot elevar i grunnskulen og vidaregående skule, men vi trur òg at boka kan vera av stor interesse for Universitetet i Stavanger.

SPE har 80 000 medlemmar på verdsbasis. I Stavanger-regionen er det 1200 medlemmar. I tillegg kjem 300 studentar.

- Boka skal skapa forståing for kva ingeniørar gjer i samfunnet, seier Drechsler. Det er mykje kunnskap om den teknologiske sida av oljeverksemda, men det er mindre kjennskap til sjølve oljehistoria.

- I dag er situasjonen at 50 prosent av dagens ingeniørar blir pensjonistar om 15 år. Det seier alt om at vi har eit stort behov for ingeniørar i framtida i oljeverksemda, seier Drechsler.

- Mange av studentane på UiS har kunnskap om den teknologiske sida, tykkjer professor Jayantha P. Liyanage, Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi og styremedlem i SPE Stavanger. Men dei veit mindre om kva oljeindustrien dreier seg om, sier han. - Derfor bør denne boka vera av stor interesse for studentar, kanskje spesielt for utanlandske doktorgradsstudentar som treng ei innføring i den norske oljehistoria.

- For Universitetsbiblioteket er dette ei fin gåve å få, seier bibliotekdirektør Espen Skjoldal. Vi kjenner til SPE gjennom papers frå konferansar, men denne boka kan gje studentar og forelesarar eit breiare oversyn over alle sider av oljehistoria.

 


Sist oppdatert av (07.05.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
BOKGÅVE TIL UNIVERSITETSBIBLIOTEKET. Frå venstre: Jan Roar Drechsler, SPE, Espen Skjoldal, UiS, og Jayantha P. Liyanage, UiS.