Laboratoriefilial på Nærbø


Universitetet i Stavanger har fått ein midlertidig laborietoriefilal. Den ligg på garden til professor Ove Tobias Gudmestad på Nærbø til glede for tre masterstudentar i Offshore Technology.

 Masterstudentane  Eivind Selvikvåg, Marius Ommundsen og Eivind Hvidsten har sidan tidleg i mars tatt kjøyreturen over Jæren for gjera testar til masteroppgåva som skal leverast 15. juni. I løa til professor Gudmestad legg dei no siste hand på verket.

- Dette er en ide som dukka opp i desember i fjor, seier professor Ove T. Gudmestad, Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi (IKM). På UiS er det for tida ikkje store nok laboratorielokal for å gjera dei testane som er naudsynte for studentane.

Høgt under taket på Jæren

Men i løa til Gudmestad med ein takhøgde på 8 meter og lengd på 25 meter er det plass nok.

Master-trioen har legging av røyr på ujamn havbotn som tema for masteroppgåva.

- Det vi gjer er å simulera tilhøve som svarar til legging av røyr på 500 meter havdjupnad og måler spenninga i røyra. Vi ser nærare på bøyespenningane når røyr blir lagde frå eit fartøy, seier Eivind Selvikvåg.

- Det teoretiske grunnlaget for oppgåva eller tørrtreninga, har studentane fått på UiS frå professor Kenneth McDonald, medan overingeniør Amith Yaaseen, IKM, er med for å leggja tilhøva til rette for studentane på Nærbø.

Det jærske masterprosjektet vert støtta av IKM Ocean Design.

- Dette er eit opplegg vi trivest godt med, seier Eivind Hvidsten. Det vert sjølvsagt mykje jobb og lange dager.

 - Det er og ei fin avveksling frå den vanlege undervisinga på UiS, seier Eivind Selvikvåg.

- Denne flyttinga har stilt krav til logistikken med frakting av måleutstyr og datamaskinar ut hit, sier Marius Ommundsen.

Røyr frå Fredrikshavn

Duoen Eivind Selvikvåg og Eivind Hvidsten måtte ta turen heilt til Fredrikshavn for å henta de naudsynte kopparrøyra med ein diameter på 8 mm. Røyra som er til sals i Noreg er for stive.

Dei metodane og utstyret som ligg til grunn for målingane og simuleringane som dei tre masterstudentane no gjer i løa på Nærbø kan òg brukast på andre ingeniørområde som til dømes vindkraft, luftfart og bygg.

Eivind Selvikvåg, Eivind Hvidsten og Marius Ommundsen er no inne i det siste semesteret på masterstudiet i Offshore Technology.

- Framtida ser bra ut for våre masterstudentar, sier Ove T. Gudmestad. Det er fortsatt ein god arbeidsmarknad i offshorenæringa.

Ein ekstra bonus for studentane er servering av kaffi og kaker hos familien Gudmestad som ei sosial avveksling.

Tekst: Egil Rugland

 

 


Sist oppdatert av (28.04.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Eivind Hvidsten, t.v., og Eivind Selvikvåg har funne seg godt til rette i løa på Nærbø.

Marius Ommundsen, t.v., vert rettleia av Ove Tobias Gudmestad og Amith Yaaseen